Skulen har mykje å seia for ungdoms alkoholbruk

Knust ølflaske

– Privilegert ungdom kan vera ekstra utsett for høgt alkoholforbruk, seier NOVA-forskar Anders Bakken ved OsloMet – storbyuniversitetet, som er ein av tre forskarar bak ein fersk studie om kva som formar ungdoms alkoholforbruk i Oslo.
Medan halvparten av ungdommane i velståande område på Oslo vest drikker jamleg, gjeld det færre enn ti prosent i delar av Groruddalen på Oslo aust. Kva er det som fører til så ulike drikkemønster?

– Det handlar mindre om nabolaga sjølv enn kjenneteikn ved dei familiane som bur der. Den sosiale klassen til foreldra, alkoholforbruka deira, kor mange som er innvandrarar og særleg andelen muslimar er viktig. Alt bidreg til å generera dei store skilnadene mellom vest og aust, seier Anders Bakken, som saman med NOVA-forskarane Willy Pedersen  og Tilmann von Soest har analysert dataa henta frå Ung i Oslo-undersøkinga.

Heile 10.000 elevar på 30 vidaregåande skular i Oslo er spurde om mellom anna alkoholbruk.

Portrett Anders Bakken

Skulane er svært ulike

Analysane viser at det har mykje å seia kva skule du går på. På enkelte vidaregåande skular er det seksti prosent av elevane som drikk alkohol jamleg, på andre skular godt under ti prosent.

– I Oslo er russetida avgjerande, og her er skulane svært ulike. Ved nokre skular definerer russetida mykje av skuleløpet. Mange er med på russebussar, og det blir lagt mykje pengar i fest og feiring. Alkoholforbruket er høgast på dei skulane der russetida står sterkt og der mange av elevane har foreldre med høg utdanning og høg inntekt, seier Bakken.

– Ved andre skular er russetida mindre viktig, elevane kan ha ein ironisk distanse til han, nokon kallar seg «sykkelruss» eller «T-baneruss». Ved desse skulane er forbruket av alkohol mykje lågare, seier han.

Tek ikkje alkoholrisikoen på alvor?

Willy Pedersen, forskar ved NOVA på OsloMet og professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, peikar på at mange ikkje tek risikoen ved høgt alkoholforbruk på alvor.

– Fasaden kan vera fin og ungdommane klarer seg tilsynelatande bra. Det er vanskeleg å førestilla seg at unge i elitane i samfunnet skal vera så utsett. I tillegg har foreldra i desse miljøa sjølv ofte høgt forbruk av alkohol. Då er det ikkje så enkelt for skulane å ta opp temaet, seier han.

Pedersen minner om at alkohol er ein viktig risikofaktor i ungdoms liv.

Verdshelseorganisasjonen er oppteke av dei akutte konsekvensane av alkohol: Skadar, trafikkulykker, vald, sjølvmordsforsøk. Heile vegen kan alkohol spela ei rolle.

– Russetida er altså viktigare på nokre skular enn på andre. Russetida gir mykje glede, men me er slått av korleis ho òg utgjer risiko sett i system. #Metoo-kampanjen har synleggjort seksuell trakassering, og i russetida er jenter spesielt utsett. Kvart år høyrer me om valdtekter ved dei nasjonale russestemna og mørketala er nok store.

– Det er òg mykje slagsmål og fysisk vald, der gutane er mest utsette, legg han til.

Fakta om studien

Analyse av data frå NOVAs Ung i Oslo-undersøking frå 2015. Her vart 10.000 elevar på 30 vidaregåande skular i Oslo spurt om mellom anna alkoholbruk.

I studien er det nytta nyutvikla statistiske metodar som samtidig undersøkjer korleis nabolag og skule påverkar ungdoms alkoholvanar.

Resultata vart nyleg publiserte i Journal of Youth and Adolescence.

– Må ta debatten om russetida

Forskarane oppmodar skuleleiing, elevorganisasjonar og foreldre til å ta debatten om russetid og alkohol.

– Snart startar igjen den intense fasen med førebuingar til russetida. Mange gler seg, vinteren har vorte brukt til å klargjera russebussen. Studien vår viser altså at skulen og førebuingane til russetida bidreg til å forma alkoholvanane. Kanskje er det på tide at alle dei involverte tek debatten på alvor, og startar i god tid: Korleis skal me møta dette? avsluttar Bakken.

Referanse

Neighborhood or School? Influences on Alcohol consumption and heavy episodic drinking among urban adolescents. Journal of youth and adolescence (2017) (link.springer.com).

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 16.01.2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 12.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Erik Stewart

Relatert forsking

Studenter i trapp
Den skjulte mobbingen skolene ikke ser

Fire av ti som blir mobbet sier at de voksne ikke visste om det.

Tre smilende ungdommer hvorav, ei jente ligger på rullebrett og det er strålende solskinn.
Sterk økning i hasjbruk blant ungdom i Oslo

Hasjbruken blant osloungdom har økt markant siden 2015.

Håndholdt mobil viser ungdom som trener fotball gjennom mobilkamera.
Ungdom fra lavere sosiale lag slutter med idrett først

Seks av ti ungdommer slutter med organisert idrett i løpet av ungdomstiden, og unge fra lavere sosiale lag faller først fra, viser nye analyser av Ungdata.