– Det verkar som stadig fleire kvinner er bekymra for fødselen. Dei er redde for smertene, eller for at noko skal skje undervegs slik at dei eller babyen døyr. Men det har aldri vore tryggare å føda enn no, seier professor Ellen Blix ved jordmorutdanninga ved OsloMet.
Tala viser at det er nesten ingen kvinner som døyr eller får alvorlege skadar under fødsel. Det same gjeld for babyane.
– Talet er så lågt at det nesten er vanskeleg å gjera det betre enn det er no, sjølv om det rett nok finst enkelttilfelle der nokon ikkje får god nok behandling, seier Blix.
Trass i dagens gode statistikk, er det tydelege inntrykket til professoren at fødande er meir engstelege enn før. Akkurat kvifor det er slik, veit ho ikkje.
Mange engstar seg
– Men me kan jo spekulera i om bekymringar og frykt er noko i tida – i samfunnet generelt. For det er liksom så mykje som er farleg no, seier ho og eksemplifiserer med at ein til dømes engstar seg for alt det farlege som kan skje når barna er åleine ute og leikar.
– Me er liksom veldig fokuserte på bekymringar. Dessutan er informasjon og negative historier så lett tilgjengeleg i dag. Lurar ein på noko rundt fødselen, kan ein googla eller gå inn i eit sosialt medium – kvar ein ufiltrert kan lesa om den eine negative fødselshistoria etter den andre.
Jo færre medikament og inngrep ein blir utsett for, jo betre er det.– Ellen Blix
– Det er sjeldan rom for dei vanlege, positive fødselshistoriene her.
– Høyrde jo skrekkhistorier
– Ein høyrer jo mange skrekkhistorier om fødslar, og det er klart det er ei påkjenning å føda. Men samtidig er det jo ein heilt naturleg ting, så eg var aldri i tvil om at eg ville føda på naturleg vis, seier Annette Sørlie Stray (35) og løftar dottera Ella på 1,5 år opp i sklia.
Då Annette var gravid, var ho i god form og lite bekymra for fødselen. Både mora og dei to søstrene hennar hadde hatt korte, ukompliserte fødslar, og Annette såg for seg at det same skulle gjelda for henne.
– Eg hadde ingen ønskjer om epidural eller lystgass, både fordi eg hadde lyst til å kjenna signala frå kroppen under fødselen og fordi nokre venninner hadde erfart at det ikkje fungerte særleg godt – og at det kanskje til og med forlengde fødselen, seier ho.
Ho hadde derimot høyrt mykje positivt frå venner og familie som hadde fødd naturleg, og kjende seg raskt sikker på at det var det ho òg skulla.
Sidan ho budde i Oslo under graviditeten, var ABC-klinikken førstevalet. Der fekk ho både svangerskapsoppfølginga og fødeplass, noko Annette syntest var veldig praktisk og trygt.
Annette seier det var utruleg god tilrettelegging der, og allereie før fødselen kjende ho til staden og jordmødrene. Det var òg med på å gjera at eg hadde få bekymringar når det gjaldt fødselen.
– Alt gjekk som det skulle under fødselen, og det vart ei veldig fin erfaring. Så skulle eg bli gravid igjen, vil eg definitivt føda naturleg, seier ho.
Annette Sørlie Stray var aldri i tvil om at ho ville føda dottera Ella på naturleg vis.
Auka bruk av epidural
Men ifølgje Fødselsregisteret tenkjer ikkje alle som Annette Sørlie Stray.
For bruken av epidural har auka betrakteleg på tjue år. I 1996 var 11 prosent av alle fødslar i Noreg med epidural, mot 36 prosent i dag.
Professor Blix trur auken heng saman med frykta mange gravide har for fødselen.
Samtidig trur ho at det òg kjem av haldningar på fødeavdelingane på dei ulike sjukehusa. Det same påpeikar OsloMet-kollega Stine Bernitz, førsteamanuensis ved jordmorutdanninga.
Det har vore ein stor auke i bruken av rieforsterkande medisinar.– Stine Bernitz
– Fødeavdelingane er veldig medvite moglegheitene dei har til å lindra smertene og kanskje difor utstråler ein «me kan gi epidural mot smertene, så kvifor skulla me ikkje gi deg det, då»-mentalitet, seier Bernitz.
– Så det ser ut som om tilgjengelegheit, snarare enn nødvendigheit, styrer dette.
Fleire igangsette fødslar
Dei siste par tiåra har det òg vore ein stor auke på induksjon av fødslar, noko som betyr at ein nyttar seg av ulike metodar for å setja i gang ein fødsel.
For tjue år sidan vart 15 prosent av alle fødslar i Noreg sett i gang. I dag er det tilsvarande talet 22 prosent, ifølgje Fødselsregisteret.
– Me ser òg at det har vore ein stor auke i bruken av rieforsterkande medisinar, seier Bernitz og fortel at det mest oppsiktsvekkjande i denne samanhengen, er at dei har sett at 42 prosent av dei som har fått rieforsterkande medisin, ikkje hadde nokon indikasjon på langsam framgang i fødselen.
– Då blir det paradoksalt at så mange får slik medisin, seier ho.
For å få fleire svar på dette, har ho samla inn data frå 7300 førstegongsfødande kvinner.
Målet er å få eit klarare bilete på kor lang tid ein fødsel tek, og når det er rett å definera noko som langsam framgang.
Desse funna kan vera med på å definera framtidas retningslinjer for framgangen i ein fødsel.
Fleire tek keisarsnitt
Fødselsregisteret viser òg at det har skjedd ein auke i talet på keisarsnitt. I 1996 var 12 prosent av fødslane ved keisarsnitt, i 2016 var talet stige til 16 prosent.
– Dei fødande kan sjeldan velja keisarsnitt, det er noko legane til sjuande og sist bestemmer. Så denne auken er det nok legane som står for, kommenterer Blix.
Kollega Bernitz trur det igjen handlar om tilgjengelegheit.
– Mange i helsevesenet blir nok styrte i ei viss grad av redselen for å gjera feil – og dermed tenkjer at moderne teknologi og overvaking er med på å gjera fødselen endå tryggare. Men teknologien kan òg gi motsett resultat – og unødig bekymring.
– Til dømes viser det seg at kontinuerleg overvaking av fosteret ofte gir falske negative funn, som fører til at ein tek mange unødvendige keisarsnitt, seier ho.
Kan gi ei betre fødselsoppleving
Både ho og professor Blix påpeikar at dei sjølvsagt ikkje er imot bruken av både epidural, rieforsterkande medisinar eller keisarsnitt. Dei synest ein absolutt skal brukast desse hjelpemidla i dei tilfella det er nødvendig.
Men for friske, ukompliserte svangerskap der alt ser ut til å vera heilt normalt, skulle dei gjerne sett at fleire kvinner var trygge nok til å stola på kroppen sin.
– For jo færre medikament og inngrep ein blir utsett for, jo betre er det, seier Blix.
Ho trur eit fokus på dette ville gitt endå fleire kvinner ei betre fødselsoppleving.
Studiar har vist at det er på dei små fødestovene i distrikta, der kvinnene gjennom svangerskapet og fødselen blir følgde opp av dei same jordmødrene, at dei beste fødslane finn stad. Her har dei den lågast bruken av både inngrep, smertestillande og rieforsterkande medisinar.
Viktig å sjå den enkelte
Til kvinner som ønskjer å føda mest mogleg normalt, har Blix eit særleg råd: Ha innstillinga om at dette er noko du klarer, sidan fødselen i utgangspunktet er ein fysiologisk prosess kvinna er utrusta til å klara. Og smertene er ein del av opplevinga.
– Men sjølvsagt, alt er ein balanse. Det er ingen konkurranse om å gjera ting mest mogleg naturleg. Skjer det ting under fødselen som kompliserer biletet, til dømes at fosteret legg seg i ein uheldig posisjon, så er det viktig å få hjelp.
Det handlar om å sjå kvar graviditet og fødsel isolert – og så ta kloke, tolmodige val basert på det.– Stine Bernitz
Bernitz meiner det er viktig med behovsprøvd omsorg og at ein bør ønskja ein optimal fødsel for den enkelte. Ligg barnet i tverrleie, er keisarsnitt det beste. Har ein dårleg fosterlyd og vil ha barnet raskt ut, er kanskje vacuum-forløsning det beste. Har ein derimot ingen komplikasjonar, er kanskje ein fødsel utan inngrep og smertestillande det optimale.
– For det som er best for deg, er best for deg. Men samtidig er det kanskje noko heilt anna som er best for meg. Det handlar om å sjå kvar graviditet og fødsel isolert – og så ta kloke, tolmodige val basert på det, avsluttar ho.
Jordmorutdanninga 200 år
I 2018 er det 200 år sidan den første norske jordmorskulen vart starta i Noreg, ved fødselsstiftinga i Kristiania.
Jordmoryrket var den første yrkesutdanninga for kvinner i Noreg. Utdanninga var regulert ved lov og forbaud andre enn jordmødrer å yta fødselshjelp.
Sidan 2004 har jordmorutdanninga vore ein del av OsloMet – storbyuniversitetet.
Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 31.01.2018.