Brukar meir ressursar på pasientar med høg utdanning

Stetoskop

I Noreg er det stor semje om at alle skal ha likeverdig tilgang til helsetenester uavhengig av økonomi, alder, kjønn eller sosial status. Likevel viser fleire studiar både her til lands og internasjonalt at helsetenester blir fordelte skeivt.

Systematisk skeiv fordeling

I ein ny vitskapleg artikkel presenterer NOVA-forskar Jon Ivar Elstad ved OsloMet funn frå ei undersøking der han har sett på kva slags betydning utdanning har for hjelpa alvorleg sjuke pasientar ved norske sjukehus får mot slutten av livet.

Han har kopla saman informasjon om utdanningsnivået til pasientane med statistikk over talet på sjukehusinnleggingar og talet på spesialistlegebesøk på sjukehus i dei siste 18 levemånadene. Elstads analysar viser ei skeivfordeling av hjelpa som blir gitt, sjølv om behovet er det same.

Særleg tydeleg kjem dette fram blant kreftpasientar. Pasientane med grunnskule som høgaste fullførte utdanning hadde i gjennomsnitt litt over 12 konsultasjonar hos spesialistar ved sjukehus  dei siste 18 levemånadene, medan det tilsvarande talet for pasientar i den høgaste utdanningsgruppa – høgskule- og universitetsutdanning – var i overkant av 20. Liknande mønster fann han for talet på sjukehusinnleggingar blant kreftpasientane.

Portrett Jon Ivar Elstad

Kvantitet og kvalitet

Elstad går ut frå at det er ein samanheng mellom kor mykje hjelp ein pasient får, og kvaliteten på hjelpa. Hyppigare konsultasjonar og innleggingar vil som regel bety at meir sjukehusressursar blir nytta på pasienten.

Forskaren viser med denne studien at høgt utdanna pasientar får hyppigare og meir omfattande medisinsk oppfølging mot slutten av livet enn pasientar med låg utdanning, sjølv om dei har same medisinske behov – det går altså føre seg ei form for favorisering av høgt utdanna pasientar.

Kva kjem favoriseringa av?

Undersøkinga gir likevel ikkje noko sikkert svar på kva mekanismar det er som fører til favoriseringa. Behandlinga som pasienten blir tilboden, er resultatet av samspelet mellom lege/ helsepersonell, pasient og pårørande. Her er det ifølgje forskaren fleire moglege forklaringar.

– Mine data tyder på at høgt utdanna blir favoriserte til fordel for lågt utdanna, men kvifor dette skjer, veit me for lite om, understrekar Elstad.

Fordommane til helsepersonellet

Fleire internasjonale studiar meiner å kunna visa at helsepersonell meir eller mindre automatisk rangerer pasientane ut frå sosial status, og at det kan få konsekvensar for kor mykje og kva slags hjelp som blir tilboden.

Den gode samtalen

Kvaliteten på kommunikasjonen mellom lege og pasient kan ha noko å seia for behandlingsutfallet. God dialog handlar om at både lege og pasient forstår kvarandres oppfatningar.

Opplysningane som kjem fram i møtet mellom lege og pasient, er sentrale for val av behandlingsopplegg. Pasientar med tilsvarande akademisk rang som legen kan ha eit fortrinn i slike samtalar.

Ressursar og nettverk

Det er ofte ein samanheng mellom høg utdanning, god økonomi og stort nettverk. Dette er eigenskapar som kan komma godt med når pasienten skal hevda sine oppfatningar hos legen.

Ein norsk studie av lungekreftpasientar viser at pasientar med høg utdanning og høg inntekt ofte har meir kunnskap om sjukdommen og ulike behandlingsalternativ, og følgjeleg òg er meir aktivt med i avgjerda om kva slags behandling som skal veljast. I tillegg har ressurssterke pasientar ofte tilgang til eit stort nettverk som kan bidra.

Om dataa

Artikkelen byggjer på data frå Norsk pasientregister kopla til sosioøkonomiske bakgrunnsvariablar frå Statistisk sentralbyrå ved hjelp av krypterte personnummer.

Analysane omfattar i overkant av 100 000 menn og kvinner som døydde i løpet av 2009–2011.

Pårørande-innverknaden

Sjølv om det er fastlegen som formelt viser til spesialist, og spesialistane ved sjukehus som formelt bestemmer over konsultasjonar og innleggingar, kan pårørande til ressurssterke pasientar ha innverknad på avgjerdene. Når det gjeld innverknaden til pårørande er det likevel få studiar å støtta seg til her til lands.

Referanse

Elstad, J.I.: Educational inequalities in hospital care for mortally ill patients in Norway (journals.sagepub.com). Scandinavian Journal of Public Health, 2018, Vol. 46 (1) (journals.sagepub.com)

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no 20. juni 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 12.07.2023
Tekst: Halvard Dyb
Foto: Marit Christiansen / OsloMet

Relatert forsking

barn som aker
Slik kler du deg i kulda

En lett og varm påkledning er å foretrekke.

Fotgjengere i en by
Slik skal byene få mer liv i sentrum

Flere norske byer har de siste tiårene gjennomgått transformasjoner som har resultert i sentrumsdød.

Portrett Ellen Blix.
Stadig færre føder naturleg

– Det har aldri vore tryggare å føda, likevel verkar stadig fleire kvinner bekymra for det, seier OsloMet-professor Ellen Blix.

Tre smilende ungdommer hvorav, ei jente ligger på rullebrett og det er strålende solskinn.
Sterk økning i hasjbruk blant ungdom i Oslo

Hasjbruken blant osloungdom har økt markant siden 2015.

Jente som støtter hodet på et bord med bøker foran seg og ser drømmende til siden.
Store karakterforskjeller mellom elever med ulik innvandrerbakgrunn

Forskere ved OsloMet har funnet store forskjeller både i karakterer og hvor mye lekser ungdom gjør.

Norsk flagg ved siden av Europa-flagg foran stor bygning.
Halvparten av sakene i kommunestyrer og fylkesting berørt av EU eller EØS

Rapport viser at EU berører halvparten av sakene i kommunene.