Stadig fleire feirar halloween

To graskarlykter i mørket med lys inni, som lyser opp skumle, utskåra fjes.

Det er berre å venne seg til oransjefarga butikkpynt, skumle kostyme og godterieting på ein kvardag. Alt tyder på at halloween er ein merkedag som har vorte tilpassa norsk kultur og sannsynlegvis komme for bli. Frå 2012 til 2018 har det vore ei dobling, frå 15 til 30 prosent, av dei som seier at dei feirar den skumle høgtida.

– Vi kan stadfeste at halloween har vorte eit nytt norsk ritual, seier Virginie Amilien, kulturhistorikar og forbruksforskar ved SIFO på OsloMet. Ho har følgt med på halloween-feiringa i nokre år og er interessert i korleis nye ritual blir til. Saman med Alexander Schjøll har ho spurt nordmenn om korleis dei forheldt seg til halloweenen i fjor.

Halloween har alltid vore eit emne som vekkjer debatt.  Amilien fortel at frå 2015 er det mindre omtale i media og færre journalistar verkar interesserte i å skrive om halloween. Temaet er ikkje lenger like kontroversielt, og artiklane handlar om korleis vi feirar halloween, og ikkje om vi feirar.

Av dei 30 prosentane som seier dei er med på feiringa er dei fleste barnefamiliar og ungdommar. Amilien beskriv halloween som ein fest i haustsesongen der barn og familien står i sentrum.

– Halloween er først og fremst ein barnefest, seier ho.

– Det har vorte meir semje i samfunnet om korleis halloween skal feirast, seier Amilien og viser til korleis vi feirar, kva vi et, og kva vi har på oss.

Graskarsal til himmels

Det har vore ein auke i folk som seier at dei et spesiell mat til halloween. I 2012 oppgav  fire prosent av respondentane at dei hadde kjøpt eller laga spesiell mat, i 2018 var talet auka til 13 prosent.

Av «spesiell mat til halloween» tronar godteri øvst. På dei neste plassane kjem graskar og pizza, medan kaker og anna bakverk følgjer tett.

Amilien trekkjer fram den eksplosive interessa for graskar.

– Mellom 2012 og 2018 er graskarsalet meir enn femdobla! Dei siste tre åra har til og med norskdyrka graskar vorte synlege i tala frå Landbruksdirektoratet. Førebels veit vi ikkje om dei blir etne, men vi har sett fleire døme på det.

Forskarane fortel at graskar nesten var fråverande i norsk matkultur tidlegare.

Utskore graskar med skummelt fjes på kjøkkenbenk.

Forskarane har vore heime hos folk og studert matpraksisar i tida rundt halloween, og fekk mellom anna vere med då ein familie laga suppe av graskarlykta dagen etter feiringa. Foto: Virginie Amilien

Gjenbruk av kostyme

Andelen som kjøpte bestemde klede eller kostyme gjekk opp frå ni prosent i 2012 til 20 prosent i 2018. Andelen som brukte kostyma om igjen auka frå 15 til 22 prosent, medan andelen som laga kostyme og gjenstandar sjølv auka frå fem til 13 prosent.

Amilien trur at dette kan vere knytt til at mange forbrukarar har vorte meir klar over ikkje å kjøpe eingongsprodukt, og at dei ønskjer å bruke om igjen.

– Dessutan er fellesskapen viktig. Du er saman med barna når du lagar kostyme, og tida med barna er verdifull, seier ho.

Framleis ingen skumle summar

Dei fleste bruker mindre enn 250 kroner. Av desse er det 30 prosent som seier at dei ikkje bruker nokon pengar i det heile.

– Det er mykje gjenbruk av kostyme, og mange prøver nok å ta meir omsyn til miljøet ved ikkje å kjøpe noko nytt, forklarer Amilien. 

Stadig fleire et dessutan ute på halloween. Auken er frå fem prosent i 2012 til 14 prosent i 2018.
Andelen som bruker meir enn 500 kroner har auka, noko forskarane meiner kan ha samanheng med nettopp restaurantbesøk og uteliv.

Halloween som karneval

Kulturforskaren meiner halloween på mange måtar har vorte ein merkedag som kan karakteriserast som eit karneval.

– I løpet av 30 år har vi gått frå eit ritual som var stempla som importert frå USA og knytt til overforbruk, til eit nytt kulturelt tilpassa, karnevalsaktig ritual, seier ho.

I tillegg til å vere innleiinga til den katolske fasta er karneval ein eldgammal skikk der rollene i samfunnet vart snudde på hovudet. Den fattige kunne vere konge for ein dag, og kostyme og masker skulle få folk til å gløyme den vanlege kroppen sin, utsjånad og liv for ei lita stund. Eit karneval er ei overdriving både i uttrykk og form. Kroppen er overdriven, det er overflod av mat og drikke, bruk av skjellsord og vald blomstrar: Karneval er uorden.

– Det framhevar alt som ikkje er tillate og fungerer som ei nødvendig utlufting i eit elles strengt regulert samfunn, seier ho.

På same måte er halloween det motsette av kvardag.

– Når barn får lov til å gå ute i mørket og ete så mykje godteri dei vil er det uorden i forhold til sunn mat og trafikkreglane, på same måte som karneval, seier Amilien.

Frå kontrovers til merkedag

Frå 2000 har vi sett ein intens debatt om denne eine kvelden. Innføringa av den nye merkedagen har vore prega av stor kontrovers. Kontroversar har opna mot dialog og både institusjonar som skular eller barnehagar og dei fleste barnefamiliar har bidrege til at dagen har den forma ho har i dag.

Ikkje alle er like fornøgde med å bli spurt om knask eller knep. Dei som oppgir at dei går ut for å sleppe besøk halloween-kvelden har auka frå seks til 13 prosent.

Referanse

Virginie Amilien og Alexander Schjøll: Ein fargerik merkedag. Halloween i Noreg i det 21. århundret. SIFO notat nr. 3-2019.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Folkemengde slåss om varer under Black Friday på Vestby.
Black Friday har blitt en etablert handledag i Norge

Særlig de yngste handler denne dagen, og mange av oss starter julehandelen.

Tre små barn som er pyntet til jul får gaver av julenissen foran juletreet.
Slik feirer vi jul

Hva er viktig for oss, hva spiser vi, og hvordan kler vi oss til jul? En SIFO-rapport avdekker sannheten om den norske julefeiringen.

familie samlet rundt et middagsbord
Eksperimentelle kjøkkenstudier fra hele Europa

Hvordan oppfatter europeiske forbrukere kvaliteten på maten de spiser? Bli med inn i over 40 husholdninger i syv europeiske land.

Publisert: 29.10.2019
Sist oppdatert: 25.07.2024
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Beth Teutschmann/Unsplash