Mange kjenner til baksidene med Temu, så kvifor handlar vi der?

Logoen til Temu på ein mobilskjerm.

Prismessig kan det vere rasjonelt å handle hos Temu, meiner forskar Lisbeth Løvbak Berg.

– Tinga ein handlar på Temu er sjeldan det ein faktisk treng, men heller ting ein har lyst på. Då er Temu sin utforming ein stor del av forklaringa, seier Løvbak Berg.

Plattforma legg opp til at det skal vere gøy å handle – såkalla «gamification».

– Det gjer dei gjennom rabattkupongar, spel og tidsavgrensa sal, gjer at ein rett og slett kan bli avhengig, meiner Løvbak Berg.

Saka oppsummert

  • Temu bruker "gamification" som rabattkupongar og tidsavgrensa sal, noko som kan føre til at forbrukarar kjøper ting dei ikkje treng og kan bli avhengige.
  • Produkt selt frå Temu er laget under forhold som forbrukarar har lita innsikt i, og det er utfordrande å stille produsentar til ansvar.
  • Unge menneske ønsker å ta miljøvennlege val, og det er ein auke i bruktkjøp og sal blant unge som ei positiv endring i klesforbruket.
  • Produkt frå Temu varierer sterkt i kvalitet og er ofte laga av plast  (slik som polyester og elastan), som kan ha negative miljøkonsekvensar som mikroplastforureining. Fleire av produkta kan også innehalde giftstoff.

Kvifor fortset vi å handle frå slike butikkar?

Dei fleste av oss veit at Temu ikkje er berekraftig – kvifor fortset vi å handle der?

– I kvardagen er det mange val ein skal ta, ikkje berre som forbrukar, men som forelder, husøkonom, medmenneske, og ein har rett og slett ikkje kapasitet til å tenke gjennom dei større og meir langsiktige konsekvensane av alle val, seier Løvbak Berg.

Ho trur heller ikkje at eit enkelt kjøp av ei lita vare blir opplevd som så viktig i det store bildet for forbrukaren då risikoen ved kjøpe er låg. Det er ikkje så farleg om produktet er dårleg, for det kostar såpass lite.

– Nokre produkt er gode, mens andre er dårlege – får ein eit dårleg så har ein heller ikkje brukt store slanten, seier ho.

Enkel tilgang til mange varer på éin stad er også veldig høveleg. 

Portrettbilde av Lisbeth Løvbak Berg.

Lisbeth Løvbak Berg forskar på klesforbruk ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Foto: Eivind Røhne

Vanskeleg for forbrukarane

Løvbak Berg forskar på forbuk av klede og berekraft og er opptatt av at forbrukarar skal ta gode og berekraftige val. 

– Produkta som blir selde frå Temu er laga under forhold ein ikkje har god oversikt over, med ein leverandør ein kan kontakte og stille til ansvar, seier Løvbak Berg.

Som forbrukar kjenner ein då ikkje til dei sosiale eller miljømessige forholda under produksjonen.

– Ein må hugse at Temu ikkje er ein produsent, men ein marknadsplass, seier ho.

Dei unge ønsker å vere miljøbevisste

Det har vore mange saker i media om Temu og fast fashion generelt, og kjennskapen til baksidene med desse varene er etter kvart ganske god.

Berg held foredrag på skolar og bibliotek, og har inntrykk av at dei unge ho snakkar til ønsker å ta miljøbevisste val.

– Det er vanskeleg å seie kor mykje detaljkunnskap dei har om miljøkostnader og miljøgifter, men mange av dei eg møter når eg held foredrag på skolar og bibliotek veit mykje og lurer på kva dei kan gjere sjølv for å vere miljøvennlege.

Dei unge meiner også at dei er meir miljøbevisste enn tidlegare generasjonar.

– Unge i Noreg meiner at dei er meir miljøbevisste enn foreldra sine, seier ho. Og ein kan sjå nokre positive endringar i klesforbruket som ei auke i bruktkjøp og sal blant unge, seier ho. 

Forbruket i Noreg aukar

Sjølv om dei unge ønsker å vere miljøbevisste aukar stadig forbruket blant nordmenn generelt.

– Det er vanskeleg å vere meir miljøvennleg enn foreldra sine når forbruket i Noreg stadig går opp, generasjon for generasjon og dei sosiale krava til kva ein skal ha blir endra, seier Berg.

Ho trekker fram sosiale krav til visse plagg, slik som jakker og idrettstøy.

– For eksempel til spesifikke idrettar der den same shortsen tidlegare blei brukt til alle.

Korleis er kvaliteten på plagg frå Temu?

– Kvaliteten varierer sterkt - kva som blir rekna som kvalitet er også ganske subjektivt og ikkje minst så vil folks forventningar vere låge til så billige produkt - men plagga blir kjenneteikna ved at dei er laga av plast, gjerne polyester med litt elastan, seier Løvbak Berg. 

Polyester er sterkt og vil halde lenge, mens elastan er mindre varig, noko som forkortar levetida til plagga.

– Plastplagg har også mange ulemper, som komfort, dei kan kjennast veldig tette, halde på vond lukt og ikkje minst forårsakar plastforsøpling som mikroplast, og dei kan innehalde giftstoff, seier ho.

Hurtigheita plagga er produserte kan også bety at kvalitetskontrollen glepp.

Kva giftstoff er du bekymra for?

– I desse plagga risikerer ein å komme i kontakt med giftstoff som BPA, PFAS og ftalat, som blir brukte i plastproduksjonen. Andre stoff kan vere bly, arsenikk, kobolt, allergiframkallande fargestoff og muggmidlar, seier Løvbak Berg.

Berg påpeikar at mange av desse stoffa er regulerte eller forbodne å bruke i EU.

– Men ein ser at varer som blir produserte andre stader og blir eksportert til EU likevel inneheld desse. Særleg er det vanskeleg å regulere når varane blir importert privat, seier ho. 

Kva gjer desse giftstoffa med oss?

– Når ein blir eksponert for desse stoffa vil ein i første omgang oppleve, kløe, svie, irritasjon, allergiar, men fleire av dei er bekrefta hormonhermande og påverkar det endokrine systemet i kroppen, fortel Løvbak Berg.

Ho fortel at det kan føre til helseeffektar ein ikkje heilt forstår per i dag.

– Det er alt frå ekstreme vektendringar og trøyttleik til lågare fruktbarheit og kronisk sjukdom, seier ho.

Ved mykje eksponering for desse stoffa vil dei takast opp i kroppen og miljøet.

– Nokon blir brotne ned og blir borte igjen når eksponeringa forsvinn, mens andre, som PFAS, kallar vi evigheitskjemikaliar, seier Løvbak Berg. 

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

smilende jente som spiller dataspill
– Vanskeligere for jenter å bli godtatt som gamere

Gamingkulturen er sterkt kjønnet. Selv om jenter bruker penger på å få den riktige identiteten som gamer blir de ikke alltid godtatt.

kvinne i matbutikk studerer kvitteringer
Dyrtiden: det har ikke blitt noe bedre

I 2024 er den økonomiske tryggheten lik nivået som SIFO målte i august 2023, men betydelig lavere enn i 2021. Det er altså fortsatt langt flere som sliter enn før dyrtiden satte inn.

Barn med gul jakke plukker søppel med andre ute i naturen
Vår livsførsel truer generasjonene etter oss

Fortsetter vi som nå, kommer dagens seksåringer til å oppleve dobbelt så mange skogbranner og fem ganger så mange perioder med tørke i løpet av livet som dagens voksne vil gjøre.