– Mindre byar er ryggrada i Distrikts-Noreg

Småbyen Kristiansund i Møre og Romsdal sett frå sjøen med bustad hus og kyrkje, blå himmel og kvite skyer.

Rundt 35 prosent av nordmenn bur i «mindre byar». Det vil seia tettstader med mellom 1 000 og 50 000 innbyggjarar.

I desember 2023 var det 990 tettstader i Noreg (ssb.no). Sjølv om dei mange mindre byane i Noreg ligg spreidde, har dei viktige roller og funksjonar i utviklinga av berekraftige og attraktive regionar. Det gjeld særleg i fylke utan storbyar.

– Småbyregionane er ryggrada i Distrikts-Noreg. Dei har ei nøkkelrolle i å nå nasjonale mål om regional utvikling og berekraftige regionar i heile landet, seier Knut Onsager, forskar hos By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet.

Likevel har dei mindre byane fått lite merksemd, både i forsking og politikk.

Målet til forskingsprosjektet «Mindre byregionar - utvikling, attraktivitet og berekraft» (sjå faktaboks), er å gi ny kunnskap om småbyregionars utvikling og utfordringar.

Om prosjektet

  • «Mindre byregionar - utvikling, attraktivitet og berekraft» (SMACREG) er finansiert av Noregs forskingsråd (NFR).
  • Det er eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt som varer frå 2023 til 2026.
  • Eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt har mellom anna som mål å utvikla ny kunnskap og byggja kompetanse som samfunnet eller næringslivet treng for å møta viktige samfunnsutfordringar (NFRs definisjon).
  • Det er NIBR ved Knut Onsager (prosjektleiar) og Heidi Bergsli som leier prosjektet. Med seg har dei Marianne Tønnessen og Geir Orderud (NIBR) og Aase Kristine Lundberg og Mathias Brynildsen Reinar ved Nordlandsforskning. Fylkeskommunane Nordland, Møre og Romsdal, Agder og Innlandet er viktige partnarar i prosjektet.

Dei små under radaren

Saman med forskarar frå Nordlandsforskning skal NIBR særleg sjå på Noregs småbyar, og korleis regionane dei tilhøyrer fungerer og er organiserte. Småbyane, med 5 000 til 20 000 innbyggjarar, er den største undergruppa av mindre byar (sjå faktaboks om ulike typar byar i Noreg).

Forskarane ønskjer å få meir systematisk kunnskap om kva som kjenneteiknar samfunnsutviklinga og drivkreftene i småbyregionar i ulike delar av landet. Dei skal også sjå nærare på kva som hemmar og fremjar berekraftig og robust utvikling av småbyregionane.

Felles for alle regionane er at dei står overfor fleire utfordringar, som til dømes fråflytting, mangel på arbeidskraft og behov for omstilling av næring og grønt skifte.

– Utfordringane dreier seg om kva som er attraktive og gode samfunn for ulike grupper å bu i. På toppen av det er jo økonomien til mange kommunar under press, seier Onsager.

Men det finst også unike moglegheiter på små stader.

– Me høyrer gjerne ein del om utfordringar, men sjeldnare om nyskapinga og moglegheitene som gjer småbyregionane til attraktive stader å bu, seier Heidi Bergsli, forskar hos NIBR ved OsloMet og deltakar i prosjektet.

Ho påpeikar at når vi tenkjer på innovasjon, kreativitet og mangfald, tenkjer vi helst på storbyane.

– Men det går føre seg mykje interessant i desse småbyane som går under radaren. Me ønskjer derfor å finna ut meir systematisk kva denne gruppa byar og regionar bidreg med og får til, seier Bergsli.

Viktig utviklingstrekk

Forskarane skal først kartleggja utviklingstrekk ved befolkning, arbeidsmarknad, næringsliv, areal- og naturtypar, klimagassutslepp og sosiale forhold. Så skal dei samanlikna småbyregionar med andre regiontypar, som storbyregionar og regionar med spreidd busetnad.

Deretter dykkar dei ned i åtte småbyregionar, i dei fire fylka Nordland, Møre og Romsdal, Agder og Innlandet, for å sjå på dynamikkane bak utviklingstrekka.

– Først då kan me kasta lys over kva utfordringar og handlingsmoglegheiter kvar enkelt region faktisk har, seier Onsager.

Moglegheitene er mellom anna avhengig av samarbeid mellom mange ulike aktørar.

– Me skal derfor finna ut kva som hemmar eller fremjar god leiing og tettare samarbeid i småbyregionane, seier han, og legg til:

– Då nærmar me oss kjernen i korleis småbyregionar kan bli attraktive ved faktisk å få til ei berekraftig utvikling i praksis.

Oversikt definisjon byar i Noreg

  • Storbyar: 150 000 – Til dømes Oslo og Bergen.
  • Større by: 50 000 – 150 000. Til dømes Ålesund og Tromsø.
  • Mellomstor by: 20 000 – 50 000. Til dømes Bodø, Hamar og Arendal.
  • Småby: 5 000 – 20 000. Til dømes Mosjøen, Kristiansund og Kongsvinger.
  • Bygdeby: 1 000 – 5 000. Til dømes Svolvær, Risør og Vinstra.
  • Mindre tettstad: 200 – 1 000. Til dømes Henningsvær, Alvdal og Hovden.

Mellomstor by, småby og bydgeby blir definert som mindre byar.

Portrettbilete av forskar Knut Onsager ser i kamera og smiler.

Velferdstenester under press

Dei siste tjue åra har folketalet i småbyregionane samla vakse litt. Veksten kjem i all hovudsak av innvandring. Fødselsoverskotet har vore lite og det har vore ei utflytting til større byregionar innanlands. (Det er her snakk om netto-utflytting, sjå faktaboks nedst i artikkelen.)

– Men innvandring hjelper ikkje på strukturelle forskjellar. Småbyane får ein større del eldre samanlikna med større byregionar, og det fødast færre barn der, seier Bergsli.

Aldringa og fødselsunderskotet er mest markant i kommunane som ligg rundt småbyane. Småbyane har ofte ei yngre befolkning og fleire fødslar enn omlandskommunane.

I tillegg finst utfordringar knytt til utanforskap. Innbyggjarar står utanfor arbeid, utdanning, tiltak og aktivitetar, noko som også verkar inn på sosial ulikskap i helse og levekår.

– Kommuneøkonomien er under press, så arbeidet med å sikra gode velferdstenester og livskvalitet for alle grupper er utfordrande i ein del av regionane, seier Bergsli.

Omfattande næringsomstillingar

På toppen av dette møter regionane også eit krav om reduksjon av klimagassutslepp. Småbyregionane har ein vesentleg del av den samla verdiskapinga i landet innanfor landbruk og foredlingsindustri, sjømatnæringar, maritime næringar, metallvarer, høgteknologi, reiseliv og oppleving.

– Kvar region er gjerne spesialisert innanfor enkelte næringar. Men dei står overfor eit aukande konkurranse- og omstillingspress for å utvikla fleire framtidsretta bedrifter og næringar. Dei skal vera miljømessige og sosialt berekraftige, og samtidig økonomisk slitesterke over tid, seier Onsager.

Det krev omstilling og innovasjon innanfor etablerte bedrifter og næringar, og dessutan utvikling av nye bedrifter og fleire attraktive jobbar. Å tilpassa seg auka krav til naturomsyn, berekraftig arealbruk, energiøkonomisering, fornybar energibruk og sirkulærøkonomi vil bli meir avgjerande.

– Det aukar mellom anna behovet for kompetanse som matchar samfunns- og næringsbehova i kvar enkelt småbyregion. For å få til det, må regionen opplevast som attraktiv for dei som har kompetansen som trengst, seier Bergsli.

Portrettbilete av forskar Heidi Bergsli som er i kamera og smiler.

Samfunnsutviklinga og utfordringar

Det er også eit mål å læra av småbyregionar som får til samfunns- og næringsutvikling som er grøn, sosialt og geografisk inkluderande.

– Me har som mål å få kunnskap om og formidla kva verkemiddel og forbetringar småbyregionane eventuelt har behov for, seier Bergsli. Ho legg til:

– Kunnskapen er viktig når småbyregionane skal utvikla attraktive stader for næringsliv og befolkning, og som er berekraftige for både natur og menneske.

Netto-utflytting

Med utflytting siktar ein i denne artikkelen til netto-utflytting.

Netto-utflytting betyr at fråflyttinga frå dei mindre byregionane til storbyregionane er større enn innflyttinga frå storbyregionane til dei mindre byregionane. Det går alltid straumar begge vegar, men ofte så går det i negativ retning for mindre byregionar.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Foto av et nedlagt industribygg i Sulitjelma med et grafittibilde som viser to personer med dykkerklokkeutstyr som prøver å fjerne olje og gruvesteiner fra kroppen sin.
Hva er gode kjennetegn for å måle grønn omstilling i distriktene?

For at distriktskommunene skal få til den grønne omstillingen trenger de folk. Riktig kompetanse og god livskvalitet kan være avgjørende for at lokalsamfunn skal bli «grønnere».

Uværet Hans har ført til flom over en bilvei, og en bil forsøker å kjøre gjennom vannmassene. Bildet ses ovenfra og rett ned på veien.
Hvordan kan Norge bli et lavutslippsland på 26 år?

Om bare 26 år skal Norge skal være et lavutslippsland. Hvordan i all verden skal vi klare det?

Ei ferje på ein fjord på Vestlandet med eit cruiseskip i bakgrunnen, omkransa av høge fjell med snø og grøne fjellsider med spreidde hus.
Olja kan sinka det grøne skiftet i Vestland i fleire år. Korleis skal dei løysa det?

Vestland er det største fylket i landet målt i eksportverdi og klimagassutslepp. Det har store verdiar – og store utfordringar. Forskarar frå NIBR på OsloMet har samarbeidd med aktørar i fylket for å sjå på korleis dei kan møta utfordringane.

Publisert: 07.03.2024
Sist oppdatert: 12.03.2024
Tekst: Kristin Horn Talgø
Foto: Canva