Gjennom fleire temadagar har OsloMet og Utdanningsetaten i Oslo kommune jobba saman med skolar, bedrifter og prøvenemnder for å bidra til god samanheng og yrkesmessig relevans i vurderingsarbeidet innanfor fag- og yrkesopplæringa.
Relevans og samanheng i vurdering
Eitt av hovudtemaa på temadagane har vore korleis vurderingane etter Vg2 skal koplast til seinare yrkesutøving og reflektere det som blir beskrive i læreplanane for Vg1 og Vg2. Dosent Halvor Spetalen ved OsloMet framheva viktigheita av at alle vurderingar må gjerast i relasjon til profesjonell yrkesutøving.
– Kor mykje skal elevane kunne etter vg2 og kor mykje skal dei utvikle seg som lærlingar? Kva ventar bedriftene av elevane når dei kjem ut frå skolen?
Han var tydeleg på at elevar og lærlingar bør trenast i prinsipp og teknikkar.
– Dei må lære å overføre teknikkar frå ein situasjon til ein annan for å kunne handtere utfordringar i kjente og ukjente situasjonar, slik at dei har eit større repertoar enn ufaglærte.
Spetalen understreka at elevane også må trenast i grunngivingskompetanse, slik at dei kan forklare kvifor dei valde visse løysingar. Sluttvurderinga både ved eksamen etter Vg2 og gjennom fag- og sveineprøver bør teste evna elvane har til planlegging av arbeid, gjennomføring, refleksjon og grunngiving.
– Gjennom refleksjon og grunngiving viser ein fagkunnskap og kvalifikasjonar: «Eg gjorde det fordi…»
Utfordringar med eksamensoppgåver
Spesialkonsulent Kyrre Romuld i Utdanningsetaten følgde opp og framheva at eksamensoppgåver ofte har vore prega av formell og byråkratisk språkføring.
– Som yrkesfaglærarar er vi ikkje trena i å formulere klare og tydelege oppgåver, særleg med tanke på at mange av elevane har eit anna morsmål enn norsk. Ei anna utfordring er å gjere eksamen yrkesnær.
Romuld påpeika at kunstig intelligens er eit verktøy som kan inngå som ein naturleg del av eksamen for yrkesfaga.
– Mykje tyder på at utfordringane med kunstig intelligens er mindre i yrkesfaga enn i andre fag. Det heng blant anna saman med at vekta på praktisk utføring, refleksjon og nærverande sensorar.
Vegen vidare
Ein vesentleg del av temadagane har vore å diskutere korleis samarbeidet mellom skole, bedrifter og prøvenemnder kan forbetrast. Spesialkonsulent Nina Skovly framheva at det trengst regelmessige møtepunkt og evalueringar for å dele erfaringar og sikre ei felles forståing av vurdering.
– Opplæringsforskrifta set rammeverket for fagprøver som skal teste kompetansen på kandidatane i samsvar med læreplanane. Vi skal jobbe med meir praksisnære oppgåver, utnytting av handlingsrommet i læreplanane, og betre synleggjering av tverrfaglege tema.
Skovly avslutta med å påpeike at samarbeidet skal bidra til å sikre kvaliteten i opplæringa og styrke relasjonane mellom alle involverte partar. Oslo kommune ønsker også å vere tettare på prøvenemndene framover, blant anna gjennom nettverksbygging og kompetanseheving.
Temadagane er eit samarbeid mellom Utdanningsetaten i Oslo og yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet. Dei er støtta med midlar gjennom tilskotsordning for kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæring.
Oslo kommune har rundt 600 prøvenemndsmedlemmer i 80 fag, og gjennomfører om lag 3000 fag- og kompetanseprøver i året.
På biletet: Halvor Spetalen (OsloMet), Anders Richvoldsen (Utdanningsetaten), Nina Skovly (Utdanningsetaten), Kyrre Romuld (Utdanningsetaten) og Åge Risdal (Utdanningsetaten).
Aktuelle utdanningar
Anvendelse av ny teknologi i yrkesfag (Videreutdanning for yrkesfaglærere)
Digitale verktøy og tilpasset opplæring i yrkesfag (Videreutdanning for yrkesfaglærere)
Vidareutdanning for yrkesfag- og trafikklærarar