Yrkesfaglærarstudentane i Frisør, blomstrar, interiør og eksponeringsdesign (FBIE) fekk nyleg besøk frå elevar på vg1 på tilsvarande studieprogram på Lørenskog vidaregåande skole. I samband med eit arbeidskrav om HMS-tiltak (helse, miljø og tryggleik) i grupper, fekk studentane høve til å planlegge og gjennomføre undervisning for elevane på OsloMets studiestad Kjeller.
Formålet med arbeidskravet om HMS er at studentane skal få innsikt i ulike HMS-/kvalitetssikringstiltak i skole og arbeidsliv.
Bakgrunnen for samarbeidet var at vi som er faglærarar ved OsloMet, Trine Borgen Lindviksmoen og Torill Hammeren Møllerhagen, tok kontakt med lærar Gunn Elin Senning og assisterande rektor Thomas Tørvi ved Lørenskog vidaregåande skole våren 2024. Dei var svært positive til initiativet.
Førstehjelp, fysiske øvingar og Kahoot
I forkant av sjølve undervisningsdagen, besøkte vi klassen på Lørenskog for å introdusere prosjektet og gjere elevane trygge.
På sjølve dagen var både lærar og elevar frå Lørenskog vidaregåande skule til stades på OsloMet. Her hadde fire studentgrupper førebudd ulike undervisningsøkter. Øktene inkluderte praktiske HMS-relaterte oppgåver som førstehjelp, fysiske øvingar og quiz via Kahoot, alle tilpassa vg1-elevane.
“Dette var gøy og lærerikt!”
Elevane gav svært positive tilbakemeldingar på opplegget. Dei beskreiv opplevinga som lærerik, underhaldande, og sette pris på både undervisninga og atmosfæren. «Eg synest dette var perfekt! Dette var gøy og lærerikt», skreiv ein av elevane i evalueringa. Fleire la også vekt på kor godt dei vart tekne imot, og at dei små detaljane som frukt og snacks i pausane bidrog til ei triveleg stemning.
Dette samarbeidet er for oss eit godt døme på korleis studentaktive læringsformer kan gi meiningsfull erfaring for både lærarstudentar og elevar.
Yrkesfaglærarstudentane får uvurderleg erfaring med å planlegge og gjennomføre undervisning, medan vg1-elevane får nyttig innsikt i HMS-tiltak på ein engasjerande måte.
Biletet øvst på sida er av studentane på andre året av yrkesfaglærarutdanninga i Frisør, blomstrar, interiør og eksponeringsdesign. Det er teke i forkant av besøket frå Lørenskog vidaregåande skole. Foto: Trine Borgen Lindviksmoen.
Sjå også innlegg på Facebooksida til fakultetet: Samarbeid med Lørenskog vidaregåande skole - undervisning om HMS (facebook.com)
Les meir om yrkesfaglærarutdanninga
Interessert i fag- og yrkesopplæring?
Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.