Om kommunen
Lillestrøm kommune er Noregs niande største kommune, med over 95 000 innbyggarar.
Kommunen har sterk vekst i både antal innbyggarar og antal arbeidsplassar. Næringslivet spenner frå landbruk til romfartsteknologi, med tyngdepunkt innan bygg og anlegg, handel, transport og logistikk, og forsking og innovasjon. Særleg forskings-, innovasjons- og teknologimiljøa på Kjeller utviklar kunnskap og produkt av nasjonal og internasjonal betydning.
Med to store messearenaer, Nova Spektrum og X Meeting Point, kjem mange av dei største messene og konferansane til Lillestrøm. Vidareutvikling av næringslivet på Romerike er viktig for Lillestrøm kommune, som støttar opp under arbeidet med eit innovasjonsdistrikt langs aksen Lørenskog-Ahus-Lillestrøm-Kjeller.
I Lillestrøm by blomstrar kafé- og utelivet. Lillestrøm er kåra til Noregs kulturkommune 2023-2025. Både innbyggarar og besøkande kan oppleve variert nærnatur i Lillestrøms skogar, langs dei store elvane og på Øyeren.
Samarbeidet med OsloMet
For å komme befolkningsveksten og framtidas behov i møte, arbeider kommunen strategisk med å utvikle dei kommunale helsetenestene, skole og barnehage. Lillestrøm kommune har samarbeidd med OsloMet på fleire slike område i mange år.
Hausten 2024 signerte Lillestrøm kommune og OsloMet ei overordna samarbeidsavtale knytt til område som er strategisk viktige for begge partar. Samarbeidet har fleire hovudmål:
Utdanning
Samarbeidet skal bidra til kvalitet, relevans og tilstrekkeleg antal uteksaminerte kandidatar i utdanningar som trengst for å sikre berekraftige helse- og velferdstenester, løyse prioriterte samfunnsutfordringar og styrke regional næringsutvikling.
Kunnskapsutvikling
Det er ein ambisjon om å auke bruken av eksisterande, forskingsbasert kunnskap i tenesteutviklinga i kommunen og innovasjonsarbeid, og dessutan å bidra til at ny forsking blir relevant, har stor nytteverdi for kommunale helse- og velferdstenester og gir resultat som kan implementerast.
Innovasjon og nytenking
Avtala skal bidra til å styrke samarbeidet om innovasjon og berekraftig utvikling mellom institutt- og universitetssektoren, lokalt næringsliv og kommunane på Romerike.
Campusutvikling
OsloMet skal også etablere eit eige campus i Lillestrøm sentrum. Å utvikle ein attraktiv og levande campus for OsloMets studentar og tilsette i Lillestrøm sentrum.
Lillestrøm kommune tar imot mange OsloMet-studentar i praksis, og vil, i samarbeid med OsloMet, arbeid langsiktig med å ha god kvalitet og få godt omdømme på praksisundervisninga.
Fire av Lillestrøms skolar er Universitetsskoler som samarbeider tettare med grunnskolelæreutdanninga på OsloMet om å styrke praksisopplæringa og Fou-basert utvikling.
Lillestrøm kommune har dialog med fleire fagmiljø på OsloMet om moglege forskingsprosjekt. Kommunen vil prioritere samarbeid som er tydeleg forankra i utfordringane dei kommunale helse- og velferdstenestene og kommunal sektor står i, og som bidrar til å finne nye berekraftige løysingar.