Både Silje Kleven (26) og Solveig Bakken (29) var utdanna stillfotografer då dei bestemde seg for å søke på bachelorstudiet i medier og kommunikasjon ved HiOA (nå OsloMet).
– Eg ville ha flere bein å stå på, for marknaden for fotografar i Oslo er ganske metta. Eg hadde lyst til å lære meir om film, og syntes studiet virka som ein god moglegheit til det, sier Silje.
Solveig hadde omtrent samme utgangspunkt.
– Stadig meir handlar om multimedia – om å fortelje historier på tvers av plattformar – og på studiet fekk eg moglegheita til å lære om regi, lyd, klipp og alt det andre som ein treng å kunne for å lage film. Det er mykje meir teknisk enn foto, seier ho.
Hausten 2014 sto eit emne i entreprenørskap og prosjektleiing i mediebransjen på pensum.
– Der skulle vi lage eit "case", ei hypotetisk studentbedrift, men Silje og eg fann ut at vi i staden hadde lyst til å etablere ei ekte bedrift, og det var starten på Revers, fortel Solveig.
Stadig meir handlar om multimedia – om å fortelje historier på tvers av plattformar – og på studiet fekk eg moglegheita til å lære om regi, lyd, klipp og alt det andre som ein treng å kunne for å lage film.– Solveig Bakken
Starta som studentbedrift
To år etter at jentene var ferdige med sine bachelorgradar, lever Revers framleis i beste velgåande.
– Det var ein stor fordel å starte som studentbedrift. Det gav ein enorm tryggleik at vi hadde kontaktpersonar og støtteordningar rundt oss, fortel Silje.
– Vi fikk mykje hjelp og inspirasjon på skulen, og via semesteremnet kom vi også i kontakt med Ungt entreprenørskap Oslo, som har vore ein fantastisk støtte, legg ho til. I regi av Ungt entreprenørskap kom jentene heilt til NM-finalen i studentbedrift våren 2015.
Eitt år etter etableringa av Revers registrerte Silje og Solveig selskapet som et såkalla DA-føretak i Brønnøysundregisteret.
Film til sosiale mediar
Revers lager først og fremst film til sosiale mediar på oppdrag frå ei rekkje ulike kundar.
– Vi er opptatt av å fortelje kunden sin historie på ein best mogleg måte. Historieforteljing kombinert med godt håndverk er vår nisje, seier Silje.
– Vi lagar også ein del musikkvideoar, og held parallelt på med eigne kortfilmprosjekt. Dei første par åra har vi bygd opp selskapet vårt sakte, men sikkert, og no i haust har det løsna for alvor – vi får stadig fleire oppdrag og nye kundar, fortel Solveig.
Når det er behov for fleire folk blir dei hyra inn på dags- eller prosjektbasis, men om oppdraga fortset å strøyme inn vil Revers kanskje omdannast til eit aksjeselskap og tilsette fleire faste medarbeidarar.
– Akkurat no er vi på jakt etter egna kontorlokale, slik at vi kan ha kundemøte der i staden for på kafé, sier Solveig.
Studiet ga inngang til mediebransjen
Med ein bachelorgrad i medier og kommunikasjon blir du som ei mediepotet som kan brukast til det meste.
– For å få maksimalt ut av studiet må du vere ganske sjølvdreven, og du bør ha lyst til å jobbe med nettbasert kommunikasjon. Du lærer litt om veldig mykje, og det er det mange i bransjen som sett pris på, seier Silje.
– Studiet er ein fin måte å få ein smakebit av veldig mykje, og så kan du undervegs fordjupe deg i det du likar best. For oss var studiet ein uvurderleg inngang til bransjen og grunnlaget for Revers, som vi begge lev av i dag. Vi håpar at kurven vil fortsetje å stige slik den har gjort i haust, seier Solveig Bakken.
Denne artikkelen vart opprinneleg publisert på hioa sin nettstad 19. februar 2018.