Kva avgjer om eldre foreldre får hjelp frå vaksne barn?

Voksen kvinne klemmer på gammel mor.

Kva forventningar har folk til at vaksne barn skal stille opp for eldre foreldre som treng hjelp? Og bør foreldre tilpasse livet sitt slik at dei kan hjelpe vaksne barn som treng det?

Dette er spørsmål som inngår i Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG), og som forskarar i Noreg og Sveits har undersøkt nærare.

Funna er publiserte i to vitskaplege artiklar.

Er det samanheng mellom haldningar og handlingar?

Hanna Vangen og Katharina Herlofson ved NOVA har undersøkt samanhengen mellom haldningar til hjelp og omsorg og faktisk hjelp.

Forskarane utnyttar moglegheitene i NorLAG til å kunne følgje dei same personane over tid.

Først undersøkte dei dei generelle haldningane personane i studien hadde til kva ansvar vaksne barn har for å gi omsorg til gamle foreldre. I neste omgang såg dei haldningane i samanheng med kva omsorg dei sjølv gir til eigne foreldre, ti år seinare. Omsorga det er snakk om, kan vere både praktisk hjelp og personleg pleie.

Forholdet mellom foreldre og barn er viktigast

– Resultata viser at tidlegare haldningar ikkje har noka betydning for om vaksne barn faktisk hjelper foreldra på eit seinare tidspunkt, seier Vangen. 

Det er andre ting som synest å ha meir å seie for om barna gir slik hjelp. Ein viktig faktor er kvaliteten på relasjonen til foreldra. 

– Dei som ti år tidlegare oppgav å ha eit godt forhold til foreldra sine, gir meir omsorg til foreldra enn dei som vurderte relasjonskvaliteten som dårlegare, fortel ho.

Forskarane finn óg at det har noko å seie, både for søner og døtrer, om foreldra bur åleine, og kor langt unna dei bur. Det har også betydning kor stort behov foreldra har for hjelp.

Eit anna funn er at døtrer gir meir omsorg til mødrer enn fedrar.

Forskjell på biologiske foreldre og steforeldre

NorLAG-dataa inneheld mykje informasjon om ulike familiekonstellasjonar. Julia Sauter, som jobbar som postdoktor ved Universitetet i Geneve, har sett på forskjellar i haldningar til familieomsorg mellom dei som har stebarn, dei som har eigne barn, og dei som har begge delar.

Studien tek utgangspunkt i ein hypotese om at personar som har stebarn, har mindre forventningar til at vaksne barn skal hjelpe eldre foreldre enn dei som berre har biologiske barn.

Ho finn ikkje støtte for hypotesen, då analysane viser at steforeldre, i større grad enn biologiske foreldre, meiner at vaksne barn har ansvar for å hjelpe dei gamle foreldra sine. Ei av forklaringane på at steforeldre meiner dette, kan vere at dei synest partnaren får for lite støtte frå dei biologiske barna sine, ifølgje Sauter.

Men kva med spørsmål om kva hjelp dei vaksne barna bør få frå foreldra? Her skil også steforeldre og dei som berre har eigne barn, lag. Steforeldra synest i mindre grad at foreldre bør late etter seg noko til barna, eller tilpasse livet sitt dersom barna treng hjelp.

Haldningane til omsorg og hjelp er altså ulik for biologiske foreldre og steforeldre.

Om NorLAG-studien

NorLAG er forkortinga til Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon. Dette er ein tverrfagleg og longitudinell studie der vi følgjer kvinner og menn over tid frå 40-års alderen og oppover.

Studien klargjer viktige livsområde som mellom anna arbeid, familie, bustad, omsorg og livskvalitet. Det er samla inn data i fire rundar: 2002, 2007, 2017 og 2024.

Les meir om NorLAG-studien.

Viktig å studere familierelasjonar

Begge studiane viser betydninga av relasjonelle forhold for både haldningar til familieomsorg og utøving av slik omsorg.

Forskinga, som byggjer på NorLAG-data om detaljerte familieforhold, viser at det kan vere større grunn til å studere familierelasjonar enn å sjå på generelle haldningar til omsorgsansvar, viss ein er oppteken av potensialet for framtidig familieomsorg i norske familiar.

Kjelder

Sauter, J. (2024). Norwegian biological parents and stepparents’ attitudes towards family obligations in middle and old age. Journal of Family Issues (online first) (journals.sagepub.com)

Vangen, H. & Herlofson, K. (2023). Why care? How filial responsibility norms and relationship quality matter for subsequent provision of care to ageing parents. Ageing & Society (cambridge.org)

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Eldre datter gir sin gamle mor et glass vann i stuen
Sjukmelder seg for å hjelpe gamle foreldre

Ny forsking viser at vaksne barn bruker sjukelønsordninga til å yte omsorg til dei eldre foreldra sine.

Eldre mann på verkstedet.
Låg inntekt heile livet gjev dårlegare helse

Menn og kvinner som har hatt låg pensjonsgivande inntekt heile livet, har mykje dårlegare eigenvurdert helse i eldre år enn andre. Dette gjeld sjølv om dei har formue og høg utdanning.

Eldre far og sønn i grønn natur.
Skal samle inn nye data om vaksenliv og alderdom

Våren 2024 blir det samla inn surveydata for fjerde gong til Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).

Eldre kvinne sitter i en lenestol alene foran et vindu.
Kan være stor forskjell på helsehjelpen eldre får, viser fersk forskning

Hvor du bor og hva slags utdanning, helsekompetanse og nettverk du har, kan påvirke hvor god eldreomsorg du får.

Publisert: 14.10.2024
Sist oppdatert: 17.10.2024
Tekst: Nina Eriksen
Foto: Colourbox.com