– Eg forstår dei tusenårige religions- og livssynstradisjonane i verda som eksistensielle laboratorium, der menneske på ulike måtar har utforska dei store spørsmåla. Kva vil det seie å vere menneske? Korleis skal vi forstå tilværet? Kva er rett og gale?
Det seier Øystein Brekke, professor i religion, livssyn og etikk ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved OsloMet.
I boka «Religionshermeneutikk. Forståing i ei polarisert tid» ønskjer han å utfordre nokre sider ved måten sentrale tema blir forstått på i fagfeltet. Han viser til korleis det han kallar ei sekulær, i betydninga ikkje-religiøs, tilnærming i religionsforskinga blir argumentert fram som den beste måten å sikre likebehandling av ulike religionar og livssyn på.
– Tanken har vore at viss alle tradisjonar og religionar og livssyn blir forstått som menneskelege konstruksjonar som ikkje kan tilkjennast nokon sanningsverdi i klasserommet, vil du få ei rettferdig behandling av dei ulike tradisjonane.
Ønskjer ei livsynsopen tilnærming
– I mine auge får også ei slik sekulær tilnærming ei slagside, sjølv om det er meint som eit metodisk prinsipp.
Brekke meiner tilnærminga til faget ikkje treng å vere anten religiøs, og dermed stå i fare for å bryte med menneskerettane ved å drive forkynning, eller sekulær, og sjå på det religiøse som eksterne studieobjekt. I staden foreslår han ei livssynsopen tilnærming.
Tanken har vore at viss alle tradisjonar og religionar og livssyn blir forstått som menneskelege konstruksjonar som ikkje kan tilkjennast nokon sanningsverdi i klasserommet, vil du få ei rettferdig behandling av dei ulike tradisjonane. I mine auge får også ei slik sekulær tilnærming ei slagside.– Øystein Brekke
– Ei livssynsopen tilnærming inneber å vere open for å sleppe til både religionar og sekulære livssyn som interessante å reflektere over, seier Brekke.
Han meiner ei livssynsopen tilnærming legg betre til rette for at elevar kan lære noko av og med religionar og livssyn, ikkje berre lære om dei.
– I KRLE-faget møter elevane heilt andre måtar å tenkje på. Dei blir dermed meir merksame på føreliggjande sanningar dei kanskje tar for gitt. Dei kan reflektere over korleis vi menneske blir forma av røyndomsbileta vi til ei kvar tid blir presenterte for.
Faget er i endring
I boka skriv Brekke om korleis KRLE-faget i skolen er i endring, og gir to grunnar. Den første er den nye strukturen på læreplanane som kom med Fagfornyelsen i 2020. Den andre er at diskusjonane om faget i aukande grad er prega av perspektiv frå det akademiske faget religionsvitskap.
Samla sett inneber dette at religionar og livssyn i større grad enn tidlegare blir forstått som både potensielle problem og potensielle ressursar i samfunnet. Dei kritiske refleksjonane til elevane rundt slike tema blir vektlagde. Dette ser Brekke som svært positivt, og meiner det gir nye moglegheiter for undervisninga.
Det religiøse er ikkje berre privat og emosjonelt
Synet på religionar og livssyn som «eksistensielle laboratorium» føreset ifølgje Brekke eit brot med den vande norske forståinga av det religiøse. Tradisjonelt har det religiøse først og fremst blitt sett på som noko privat, og ofte kopla til det irrasjonelle og emosjonelle. Dette synet har bakgrunn i protestantisk kristendom og pietisme, så vel som i sekulær human-etikk.
– I det skolefaglege arbeidet kan ulike religionar og livssyn gi elevar ny innsikt og nye refleksjonar, uavhengig av kva for ståstad dei sjølve har. Vi kan forstå religionar og livssyn som del av ein global kulturarv, som vi alle er arvingar til.
I klasserommet bør det vere rom for at elevar reflekterer over religiøse og livssynsmessige spørsmål, og dei bør sjølvsagt også kunne diskutere korleis dei sjølv ser saker og ting, meiner Brekke.
Han meiner at opninga mot slike spørsmål utfordrar, men også anerkjenner etablerte livssynstradisjonar.
– Når elevar får reflektere over også dei spørsmåla som religionar og livssyn er opptekne av, utfordrar dette på eitt vis dei ulike livssynssamfunna sin «einerett» på tolkinga av ein gitt tradisjon. Samtidig blir desse tekne meir på alvor som representantar for tanketradisjonar som det er allment interessant å reflektere over. Dei nye læreplanane si vekt på at elevane skal undersøka i faget, opnar på interessant vis mot ein slik skolefagleg omgang med fagstoffet.
Rock og religion
Som eit konkret døme, trekkjer Brekke fram sin kollega Robert W. Kvalvaag. Han har gjennom ei årrekke interessert seg for forholdet mellom rock og religion.
– Saman med studentane utforskar han kor mykje populærmusikk som hentar opp, speglar og speler på religiøse tradisjonar og religiøse tema. Frå Bob Marley og rastabevegelsen til Nick Cave som nyskriv den bibelske salmetradisjonen, Madonna, George Harrison og Karpe. Her undersøker studentane korleis lange tradisjonar blir henta opp og gitt nytt fortolkingsrom i ein moderne, global kultur.
– Kvalvaag og studentane utforskar også sjølve spørsmåla av livssynsmessig karakter som finn uttrykk i musikken. Når Leonard Cohen syng, «I don’t trust my inner feelings, inner feelings come and go,» kva meiner han då? Har Cohen rett i synspunktet? Og er dette same ting som Buddha i si tid hevda?
Kva kan Håvamål lære oss om livsmeistring?
– Eit anna døme er eit opplegg som eg sjølv har arbeidd med, saman med min filosof-kollega Knut Ove Æsøy ved OsloMet. Med utgangspunkt i det nye temaet «folkehelse og livsmeistring» i Fagfornyelsen, foreslår vi å lesa «Håvamål» saman med elevar i skulen.
– Er det noko å lære om livsmeistring i denne religiøse teksten frå norrøn tid? Og om vi ikkje synest vi lærer noko direkte av teksten, kan vi lære noko med han? Kan arbeidet hjelpa oss reflektera over kva livsmeistring er i 2023, med denne teksten som ein tankespegel?
Brekke seier at begge desse døma på klasseromsarbeid i KRLE-faget tar i bruk klassiske humanistiske arbeidsmåtar som det er viktig at elevar i norsk skole kjem i kontakt med.
Han meiner religionar og livssyn byr på eit fantastisk mangfald i kunnskapskjelder og arbeidsformer.
– Kunstnarlege uttrykk, forteljingssyklusar, rituelle praksisar, filosofisk spekulasjon og levd kvardag er alle relevante inngangar til eit kunnskapsfelt som ikkje sluttar å fascinere, om ein først får sansen for det. Med min eigen bakgrunn i religionsfilosofi er eg nok litt særleg opptatt av at vi ikkje misser av syne dei filosofiske og idéhistoriske dimensjonane ved religions- og livssynsfeltet.
Lærarar er redde for å påverke elevane
Vi er mest vande med å sjå religionar som noko vi studerer, ikkje noko som snakkar tilbake til oss. Ein del diskusjonar i faget har dreidd seg om i kva grad det er forsvarleg å sjå religiøse tradisjonar og sekulære livssyn også som «samtalepartnarar», ikkje berre eksterne studieobjekt.
Er det for eksempel greitt å arbeide med religiøse forteljingar saman med elevane, eller kan dei bli påverka på uheldig vis av det?
Slik undring pregar også lærarstudentane, fortel Brekke.
– Nokre av dei kan vera sjølverklærte ateistar og samstundes livredde for ved eit mistak å drive med religiøs forkynning. Difor er ein viktig del av arbeidet på utdanninga, å gjera komande lærarar trygge på faget og korleis dei kan undervise på ein god måte.
Vi studerer ikkje berre den andre som «annleis» eller interesserer oss for kva som er ulikt i forgangen tid. Grunnleggjande for ei humanistisk tilnærming er at det alltid også er oss sjølve vi studerer når vi studerer andre menneske, kulturar eller historiske tider.– Øystein Brekke
Han seier at eit viktig moment her er å minna studentane på læraren sitt særlege oppdrag, som heile vegen er å stå for den skolepedagogiske innramminga av det som går føre seg.
– Dette tyder, fortløpande og på ulike måtar, å setje innhaldet i ein kontekst og sørgje for at situasjonen har ein pedagogisk og ikkje-forkynnande karakter.
Bekymra for stillinga til humaniora i skolen
Brekke synest det er uheldig at dei historiske perspektiva er svekte i KRLE-faget i læreplanane i Fagfornyelsen.
– Religionar og livssyn er per definisjon historiske og kulturelle fenomen. Tanken om djupnelæring som har kome med Fagfornyelsen er god, men ein får ikkje til djupne viss ein kuttar historiske perspektiv i eit fagfelt som vårt. Svekking av historiske perspektiv svekker også samtidsforståinga vår.
Når Brekke promoterer KRLE som eit humanistisk skolefag, står arbeidet med ulike førestillingar, historiske tekstar og andre kulturar sentralt.
– Vi studerer ikkje berre den andre som «annleis» eller interesserer oss for kva som er ulikt i forgangen tid. Grunnleggjande for ei humanistisk tilnærming er at det alltid også er oss sjølve vi studerer når vi studerer andre menneske, kulturar eller historiske tider.
Han meiner òg det dreier seg om å ta vare på eit kunnskapssyn i skulen som er tilstrekkeleg komplekst, også for det som ikkje enkelt lar seg vurdere.
– Korleis måler ein til dømes evne til etisk refleksjon? Det skjer så utruleg mykje i eit kunnskapsarbeid, og det er ikkje alltid det som er mest effektivt, som er det rette å gjere. Her tilbyr KRLE-faget eit viktig kunnskapssyn og samfunnssyn.
Referanse
Brekke, Øystein (2023). Religionshermeneutikk. Forståing i ei polarisert tid (universitetsforlaget.no), Universitetsforlaget
Kontakt
Podkast: Treng vi eigentleg KRLE-faget i skolen?
I denne episoden av OsloMets podkast Viten og snakkis, forklarer OsloMet-forskar Knut Aukland kva KRLE-faget er, og ikkje er. Han tek lyttarar gjennom nokre av debattane knytte til faget og oppklarer vanlege mytar om kva elevar lærer i KRLE-timane.
Høyr podkasten: Treng vi eigentleg KRLE-faget i skolen? (spotify.com)