– Alle vi intervjua var gjennomgåande negative til måten tekstane var sett opp på. Dei syntes det såg ut som barneskolebøker, og det fekk dei til å føle seg dumme, fortel OsloMet-forskar Gerd Berget.
Saman med Siri Fagernes frå Høyskolen Kristiania har ho undersøkt korleis dyslektikarar les og oppfattar lettlestbøker. Dei fann at mange var skeptiske til bøkene.
Lettlestbøker for vaksne er kjenneteikna av korte linjer, og det var nettopp linjelengda som skapte bry for lesarane. Medan vanlege bøker ofte har rundt 80 teikn på ei linje, har nokre av dei spesialtilpassa lettlestbøkene så lite som 17 teikn per linje.
Bakgrunnen for oppsettet har vore ei tru på at kortare linjer vil lette lesinga, men deltakarane i studien til Berget og Fagernes oppfatta ikkje dette som positivt.
Nokre vart forvirra av at teksten likna eit dikt, andre vart provoserte fordi dei tilpassa tekstane fekk dei til å kjenne seg undervurderte og dumme. Felles for alle var at dei syntes det var vanskeleg å få oversikt over setningane når dei var delt opp så mykje.
Slit med kortidsminne
Gerd Berget forklarar at lesing kan vere svært krevjande for dyslektikarar. Mange med dysleksi slit også med nedsett konsentrasjonsevne og redusert korttidsminne, og det gjer at dei ofte må gå tilbake i teksten for å få med seg samanhengen.
Berget fortel at mange leiter etter slutten på setninga for å skaffe seg oversikt og forstå innhaldet.
– Når ei setning blir broten opp over fleire linjer, kan det vere ekstra vanskeleg å finne tilbake til byrjinga, og lesaren må bruke mykje tid på å leite fram og tilbake i teksten, seier ho.
Ho understrekar at bøkene er laga i beste meining, og at det er mykje som er bra med tilrettelegginga, men akkurat dei korte linjene ser ut til å verke mot si hensikt.
Når ei setning blir broten opp over fleire linjer, kan det vere ekstra vanskeleg å finne tilbake til byrjinga, og lesaren må bruke mykje tid på å leite fram og tilbake i teksten.– Gerd Berget
– Når ei setning blir broten opp over fleire linjer, kan det vere ekstra vanskeleg å finne tilbake til byrjinga, og lesaren må bruke mykje tid på å leite fram og tilbake i teksten.
Manglar kunnskap om lesing
– Det er gjort mange undersøkingar av korleis personar med dysleksi les tekst på skjerm, men vi oppdaga at det var eit stort hol i forskinga når det gjaldt lesing på papir, seier Gerd Berget.
Sjølv om ein lett kan tenkje at det er lesing på skjerm som er framtida, er det framleis mange som ønskjer å lese på papir, fortel ho. Ifølge forskarane gjeld det særleg skjønlitteratur. Alle som deltok i undersøkinga ville helst lese skjønlitteratur på papir. Forskarane trur det er knytt til leseopplevinga:
– Når du kryp ned under pleddet i sofaen for å kose deg med ein god roman, vil du helst ikkje ha med deg PCen du har jobba på heile dagen, seier Siri Fagernes.
Ho understrekar at det er mogleg å få leseglede sjølv om ein har dysleksi, men at det krev enda meir mengdetrening enn for andre lesarar. Da er det spesielt viktig at boka ikkje er utforma slik at ein får avsmak allereie før ein har opna ho.
Tenke enkelt
Så korleis kan forlaga gjere litteratur meir tilgjengeleg og fristande, også for dei fem til ti prosenta i Noreg som er dyslektikarar?
Gerd Berget er klar på at svaret er universell utforming, altså at ein lagar bøker som tek omsyn til alle funksjonsnedsettingar og ikkje tilpassar dei spesielt til ei gruppe.
Eit luftigare grafisk oppsett, større avstand mellom linjene og laus høgremarg er grep som vil gjere leseopplevinga betre for mange.
Ho anbefaler også å bruke enklare ord og skrive forståeleg. Det vil også gagne «vanlege» lesarar.
Lettlestbøkene får lengre linjer
Dette er i tråd med mange av prinsippa som blir brukt i utviklinga av lettlestbøker, og råda som foreininga Leser søker bok gir til sine forfattarar og designarar.
Dei vil no endre linjelengda i sine lettlestbøker som følgje av den nye forskinga til Berget og Fagernes.
Hanna Bovim Bugge i Leser søker bok fortel at dei sjølv hadde begynt å stille spørsmål ved dei korte linjene, og at forskingsresultata derfor ikkje kom heilt ut av det blå.
– Resultata gav likevel ein dytt i riktig retning og bidrog til at vi fekk større forskingsbasert innsikt. Vi er glade for forsking på bøkene vi støttar, og ønskjer meir forsking på feltet hjarteleg velkomen, seier ho.
Referansar
Berget, Gerd; Fagernes, Siri (2018). “I’m not Stupid” - Attitudes Towards Adaptation Among People with Dyslexia. Kurosu, Masaaki (Red.), Human-Computer Interaction. Theories, Methods, and Human Issues. HCI 2018. Lecture Notes in Computer Science, vol 10901. Kapittel. s. 237-247. Springer.
Denne artikkelen ble opprinnelig publisert på hioa.no 24. oktober 2018.