Slik bør framtidsskulen vera

Lærar og elevar som ser på iPader.

Norsk skule er i støypeskeia. I 2018 skal det lagast læreplanar for den nye skulen, desse trer i kraft frå 2020.

Me spurde ni skuleforskarar på OsloMet om kva dei meiner er viktig for å skapa den beste skulen for framtida.

Ta meir omsyn til dei små

Skulen me skal laga i framtida bør vera ein skule som tek omsyn til behovet til seksåringane. Det er den klare meldinga frå førstelektor Eva Michaelsen og førstelektor Kirsten Palm ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar. 

Den skulen me har no, tek ikkje nok omsyn til kven seksåringen faktisk er, og til behovet til barna for rørsle og variasjon. Mange skular har no økter på 90 minutt i første klasse, der elevane sit mykje stille ved pulten, påpeikar forskarane, som er redaktørar av ei bok om byrjaropplæring som snart går i trykken. 

– Det bør setjast av meir tid til uteaktivitetar. Skulen bør òg leggja vekt på å skapa eit fysisk miljø inne i klasserommet som stimulerer til utforskande læring og gir gode moglegheiter for sosialt samspel, leik og trivsel for dei yngste elevane, seier Kirsten Palm.

– Skulen må ikkje leggja opp til at hovudaktiviteten til barna skal vera å sitja stille på stolen, seier ho og etterlyser klasserom som er innreidd meir lek- og læringsvennleg.

Det bør settes av mer tid til uteaktiviteter. – Kirsten Palm

– Må få tid til å vera barn

– Småskulebarna må få tid til å vera barn, seier skuleforskar og professor Knut Løndal.

Løndal er professor med spesialkompetanse innanfor skulefaget kroppsøving. Han er spesielt oppteken av dei minste barna i skulen og har forska mykje på dette.

– Det er viktig å ta vare på den særeigne veremåten til barna. Det betyr mellom anna å gi større rom for lek og leikande tilnærming i skulekvardagen til småskulebarna – spesielt i den første skuletida, seier han.

Han meiner det må jobbast meir for å få til ein betre overgang mellom barnehage og skule.

Laster inn ...

Meir grubling og undring

– I skulen i framtida bør elevane få nok tid til å utforska og grubla, seier førsteamanuensis Cecilie Dalland ved lærarutdanninga på OsloMet. Ho er oppteken av kreative undervisningsformer og gav nyleg ut ei bok om dette temaet.

– Elevane bør få god tid til å arbeida med ein kreativ metode utan å målast etter kortsiktige vurderingskriterium eller korrekte svar. Difor må skuleleiinga oppmuntra lærarane til å arbeida kreativt, og gi dei nok tid og rom for å planleggja bruken av kreative metodar i undervisninga.

Ho påpeikar at dagens samfunns- og arbeidsliv er både komplekst og i rask endring.

– Me veit ikkje kva denne utviklinga vil krevja av dagens elevar. Elevane må difor lære både strategiar og arbeidsformer som kan hjelpa dei til å bli kritiske, aktivt og kreative, seier ho.

– Elevane må læra på nye måtar. Dei praktiske estetiske faga må styrkjast og det må bli meir kreativitet i undervisninga. Me treng lærarplanar som er meir relevante for framtida, seier ho.

Laster inn ...

Bør me måla resultat?

Det store spørsmålet blir då om skulen skal sleppast fri frå det mange omtalar som målehysteriet.
Ikkje nødvendigvis, meiner forskar Sølvi Mausethagen ved Senter for profesjonsstudiar.

– Skulen treng informasjon om korleis elevane gjer det, men det er viktig at dei som jobbar i og med skulen ser på elevresultat som ein av mange kjelder til kunnskap om korleis elevane gjer det på skulen og korleis skulen kan utviklast vidare. Me må òg vita meir om korleis meir prestasjonsorientering påverkar elevane.

Ho har gjennom fleire år forska på korleis elevresultat blir brukte i den norske skulen.

Ifølgje den ferske studien hennar får elevresultat stadig meir plass i skulen, og tilgangen til desse prøvene og testane skaper òg nye rutinar.

– Elevresultat kan vera veldig forførande, men dei gjer det ikkje nødvendigvis enklare å utvikla skulen. Lærarar og leiarar må heldt fram kritisk vurdera og grunngi vala dei gjer.

– Samtidig er det gjort mykje for å gjera nasjonale prøver meir nyttige for lærarar og det synest ikkje alltid å vera så stor motstand blant lærarane. Dette kan òg bety at lærarane sjølv tek meir kontroll over kva slags informasjon dei treng og bruker denne på ein formålstenleg måte, seier Mausethagen.

Elevresultat kan vera veldig forførande, men dei gjer det ikkje nødvendigvis enklare å utvikla skulen. – Sølvi Mausethagen
Laster inn ...

Ein framoverlent skule

Louise Mifsud og forskingskollegaene hennar Bård Ketil Engen og Tonje Hilde Giæver som forskar på digital kompetanse i skulen, framhevar at digitale læringsressursar kan bidra til auka fagleg forståing fordi elevane sjølv aktivt omarbeider og produserer fagleg innhald.

Gjennom bruk av digitale læringsressursar kan òg læraren leggja til rette for gode læringsaktivitetar som inkluderer kreativt arbeid og samarbeid. Digitale læringsressursar omhandlar alt frå nettstader, nettbrett, smarttelefon, PC og programvare for å produsera og redigera multimodalt innhald.

– Viss skulen skal vera relevant for framtida, må ho ta omsyn til teknologibruken til barna i fritida og vera framoverlent, seier Louise Mifsud.

Viss skulen skal vera relevant for framtida, må ho ta omsyn til teknologibruken til barna i fritida og vera framoverlent. – Louise Mifsud
Laster inn ...

Etisk medvit er viktig

Forskar Tonje Hilde Giæver understrekar at det er avgjerande at elevane gjennom skulegangen sin opparbeider etisk medvit og har kjennskapar til lover og reglar, slik at dei blir i stand til å vareta både seg sjølv og andre.

– Digital dømmekraft må førast vidare og synleggjerast i nye læreplanar, slik at lærarane i større grad tek ansvar for opplæringa til elevane på dette området.

Laster inn ...

Smartteknologi under huda

– Det er ingen tvil om at framtidsskulen er svært digital, seier førsteamanuensis Jan Merok Paulsen.

– Her vil barna og ungdommen setja standarden sjølv.  Både dagens og morgondagens skule blir folkesett av barn og unge som har smartteknologien under huda.

Han understrekar at digital teknologi mogleggjer kreativ og innovativ læring, samtidig som teknologien gir arbeidet til elevane og lærarane struktur.

Veit for lite om digitale klasserom

Utfordringane er at forskarane veit lite om effekten av digitale klasserom, meiner Merok Paulsen. Enkeltståande amerikanske studiar tyder på at merksemda og konsentrasjonen til elevane blir spesielt utfordra gjennom smartteknologien.

– I digitale rom er det òg viktig å utvikla haldningar og ferdigheiter til å vurdera kritisk tekstar, bilete, video og lyd som det er fri tilgang til, seier han.

Meir samarbeid med arbeidslivet

– Samspelet med arbeidsliv og forsking er undervurdert i dagens skule. På min heimstad i Ålesund har det høgteknologiske senteret Norwegian Maritime Competence Center opna for elevar i vidaregåande opplæring, som då kan tileigna seg naturvitskapleg læring eksempelvis gjennom simulering. Dette levandegjer undervisninga, seier Jan Merok Paulsen.

Han meiner òg at samarbeidet med helsesektoren bør oppgraderast i framtidsskulen.

– Ikkje minst fordi unges psykiske helse i mange samanhengar viser nokre nedovergåande trendar som er urovekkjande.

Det er ingen tvil om at framtidsskulen er svært digital. – Jan Merok Paulsen

Kva med alt det andre?

Læring handlar likevel om meir enn arbeids- og undervisningsformer i klasserommet. Den siste Ungdata-undersøkinga viser at stadig fleire elevar rapporterer om psykiske helseplager og stress i kvardagen.

– Forsking viser at det elevane fører med seg til skulen av sosial bakgrunn og kulturell kapital, ofte spelar vel så stor rolle for læringa deira av til dømes matematikk, som det som skjer i sjølve undervisninga, seier førsteamanuensis Bodil Kleve ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar.

Nokre elevar er dermed betre rusta til å knekka skulekoden, og klarer å posisjonera seg meir fordelaktig i forhold til læraren enn andre, ikkje på grunn av medfødde evner, men nettopp på grunn av sosial bakgrunn.

– Oppgåva og utfordringa i undervisninga blir dermed å demma opp for og ta desse ulike føresetnadene elevane har på alvor, slik at alle kan bli inkludert og dermed få høve til å læra dei ulike faga, seier Kleve.

Ho får støtte av Finn Aarsæther, forskar og prodekan ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium ved OsloMet.

– Nokon kjenner seg ikkje inkluderte i skulemiljøet, andre lever i vanskelege livssituasjonar. Dette kan hindra elevane i å læra, seier han.

Han er oppteken av at læraren i skulen i framtida klarer å sjå heilskapen i livssituasjonen til barn og unge. Dei må kunna samarbeida med andre yrkesgrupper.

Bygg ned siloane!

Han påpeikar det er svært lite samhandling mellom yrkesgrupper som arbeider med barn og unge i dag.

– Det må me gjera noko med. Mange barn, unge og pårørande har opplevd korleis dårleg kommunikasjon mellom profesjonane har ført til at avgjerder har trekt i langdrag og til at ingen tek ansvar for heilskapsbiletet i situasjonar som måtte oppstå, seier Aarsæther.

Dei ulike yrkesgruppene må læra å forstå dei ulike tilnærmingane kvarandres til barn og unge. På OsloMet har no fleire utdanningar sett i gang prosjektet Interact der mellom anna lærarstudentane, barnevernpedagogstudentane og ulike helsefagstudentar arbeider saman i grupper. Målet er eit betre samarbeid til beste for barn og unge.

Aarsæther legg ikkje skjul på det er vanskeleg å få til denne typen samarbeid, på  grunn  av «silotenking»  i utdanningane og i arbeidslivet.

 – Det er utfordrande å byggja bruer mellom siloane, eller å fjerna dei, men det er ikkje umogleg.

Nokon kjenner seg ikkje inkluderte i skulemiljøet, andre lever i vanskelege livssituasjonar. Dette kan hindra elevane i å læra. – Finn Aarsæther
Laster inn ...

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 11.06.2018.

Publisert: 20.09.2018
Sist oppdatert: 28.08.2023
Tekst: Heidi Ertzeid | Stig Nøra | Sonja Balci
Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Relatert forsking

Portrett Anette Aarup
Bør du velge utdanning med hodet eller hjertet?

OsloMet-student Annette Aarup (23) valgte mest med hjertet.

Dataskjerm som ses på skrå gjennom brilleglasset til en mann som ser på skjermen, der det meste av skjermen er ute av fokus. Det eneste som er i fokus er det lille området som ses gjennom brilleglasset.
Myter stenger synshemma ute

– Arbeidsgjevarar kan ikkje nok om synshemming og vel heller å ikkje tilsetje søkjarar.

Portrett av mann med bart på et lager
Kva skjer dersom fleire jobbar til dei blir 70?

Langt fleire kan jobbe fram til dei blir 70 utan at det går ut over frivillig arbeid eller familieomsorg.

To menn som skyver et stort kjøleskap inn i et hjørne på et kjøkken
Kjøleskap og fryseres levetid ned med 1,5 år

Men vi bytter ikke ut kjøleskapet kun fordi det har sluttet å virke.

Ungdom som tar selfie
Jo fleire selfies, desto meir kjøper du

Gjennom selfies påverkar ungdom kvarandre til å kjøpa endå meir.

Portrett av Erik Børve Rasmussen.
Med sosiologisk blikk på medisin

Stipendiat og sosiolog Erik (35) forsker på "diffuse" diagnoser.