Tidleg hjelp gir sårbare foreldre ein god start

Kvinne med nyfødd baby på armen.

Forskarar frå Arbeidsforskningsinstituttet AFI ved OsloMet har gjennom fire år følgde iverksetjinga av programmet Nurse-Family Partnership (NFP), eller «Familie for første gong», i Noreg.

Dette er opphavleg eit heimebesøkprogram utvikla i USA, der spesialopplærte sjukepleiarar besøkjer sårbare førstegongsgravide frå tidleg i svangerskapet og heilt fram til to år etter fødsel.

– Det er mange sårbare familiar som står åleine i ein tøff livsfase når dei får sitt første barn. Nokon er tidlegare barnevernsbarn med lite ressursar, andre kan ha psykiske og fysiske helseutfordringar, og fleire manglar foreldre og nettverk som kan hjelpe, seier prosjektleiarar Eirin Pedersen og Wendy Nilsen på AFI ved OsloMet.

– Gjennom «Familie for første gong» kan dei få hjelp til å handtere ein utfordrande livsfase, rom og tid til å øve seg på korleis ein kan vere gode foreldre, og støtte til å gjere endringar i sitt eige liv, seier Pedersen.

Har intervjuet familiar

Eirin Pedersen har djupneintervjuet fleire familiar.

Ho meiner dette programmet har stort potensial fordi det treffer ei sårbar målgruppe ein elles slit med å hjelpe. Talet på inkluderte familiar indikerer at denne gruppa er større enn tidlegare anslått.

«Eg har null familie», seier ei av mødrene som er intervjua. «Og i den tøffaste perioden i heile livet, aldri vore så sårbar, det har vore så tøft å ikkje ha familie. For det å vere så åleine i den rolla, det er den einsemda eg ikkje har takla. Og ho (sjukepleiaren) har komme med oppmuntrande ord heile vegen. Herregud, eg kan ikkje seie kor mykje det har betydd altså».

Hjelp på eigne premissar

Evalueringa konkluderer med at det er både behov og høg aksept for eit slikt intensivt program som «Familie for første gong» i Noreg. Dette er ikkje noko som elles blir tilbode av dei kommunale tenestene.

– Vi ser at denne tilnærminga kan ha bidrege til å forhindre omsorgsovertakingar. Foreldra vart møtte på sine eigne premissar, og programmet er mogleg å tilpasse familiar med ulike utfordringar og behov, seier Pedersen.

«Kjende eg vart teken vare på»

«Det som har vore ganske fint, det var å føle at eg verkeleg vart teken vare på, at det er ei forlenging av helsetenesta», seier ein deltakar.

«Og eg hadde ikkje vore så god mor eller vore så frisk viss eg ikkje hadde hatt "Familie for første gong"».

Tett relasjon med sjukepleiar

Sidan 2016 har to bydelar i Oslo og tre kommunar i Rogaland prøvd ut dette tilbodet til førstegongsgravide i vanskelege livssituasjonar.

Moglegheita til å ha ein tett og tillitsbasert relasjon  til ein sjukepleiar er ein viktig grunn til at programmet kan ha mykje å seie for familiane. Foreldra opplevde å bli trudde og støtta av sjukepleiaren sin, forklarer Pedersen.

– Dette er foreldre som ofte sjølv har hatt ein traumatisk barndom. Dei treng hjelp til å styrkje trua si på at dei kan gjere ein god nok jobb som foreldre, seier forskaren.

Kan gi betre hjelp

Tal frå utprøvinga så langt viser at 41 prosent av dei som har takka ja til tilbodet, sjølv har budd skilt frå foreldra sine i meir enn tre månader før dei fylte 18 år, og ein stor del av desse har budd på institusjon.

Omtrent ein tredel av familiane var i kontakt med barnevernet samtidig som dei deltok i programmet. Den tilliten familien fekk til sjukepleiaren sin gjer at barnevernet kan bidra med betre hjelp på eit tidleg stadium, og slik unngå meir dramatisk innblanding, som akutte omsorgsovertakingar, seinare i livet til barna.

Tidleg innsats er lønnsamt

– Vi veit at tidleg innsats og førebygging er lønnsamt – både målt i pengar spart på samfunnsnivå og for dei menneskelege belastningane for barna og foreldra deira, uttalte Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), i samband med rapportlanseringa.

– Tidleg innsats kan vere samfunnsøkonomisk lønnsamt både på kort og lang sikt, men det viktigaste er at barn får vekse opp med tryggare og betre foreldre, seier Pedersen.

– Evalueringa konkluderer med at det er sannsynleg at NFP kan hindre at sårbare familiar får problem seinare i livet. No blir det spennande å sjå om fleire ønskjer å satse på denne forma for tidleg førebygging, og om programmet blir vidareførte i fleire norske kommunar, avsluttar ho.

Fakta om evalueringa

Målet med evalueringa var å vurdere om det var mogleg å gjennomføre Nurse-Family Partnership/Famile for første gong i Noreg, i kva grad programmet måtte tilpassast norske forhold og vurdere nytta av programmet.

Evalueringa er bestilt av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som har ansvaret for utprøvinga av programmet her til lands.

Referanser

Sluttrapport frå ei fireårig følgjeevaluering av «Nurse-family partnership» i Noreg (oda.oslomet.no)

  • «Nurse-Family Partnership» (NFP)

    «Nurse-Family Partnership» (NFP) er et program for foreldre i særlig krevende livssituasjoner, med opptil 64 hjemmebesøk av sykepleier fra tidlig i svangerskapet til barnet er 2 år.

Kontakt

Laster inn ...
barn i skolegård
– Vanlige barn gjøres til problembarn

Forskere er kritiske til den økende bruken av standardiserte programmer for å forebygge og løse problemer i skoler og barnehager.

Notater om matlaging i perm og en penn som ligger oppå et av arkene.
Unge kvinner får i seg for lite jod

Hver tredje unge kvinne har kritisk lave jodnivåer.

Gravid kvinne ved et frokostbord med brødmat, omelett, pålegg og muffins
Overraskende funn om kostholdet til gravide med svangerskapsdiabetes

I en ny studie om kostholdet til kvinner med svangerskapsdiabetes kommer etnisk norske kvinner dårligst ut.

Ansikt av et nyfødt barn delvis dekket av dyne
Hvilken fødsel foretrekker norske kvinner?

OsloMet-forsker Lena Henriksen har flere råd til gravide som har fødselsangst og ønsker seg keisersnitt.

Mann sitter utenfor Nav-kontor og ser mot inngangen.
– Nav-reformen har sviktet de svakeste

– Nav-reformen har ikke klart å hjelpe de mest utsatte gruppene i samfunnet.

Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 20.12.2019
Sist oppdatert: 31.07.2024
Tekst: Nina Alnes Haslie
Foto: Pixabay