Det blir dansa generelt lite ved norske lærarutdanningar. Det vil to tilsette ved OsloMet gjera noko med.
Gjennom masteremnet Fagovergripende perspektiv i byrjaropplæringa, får studentane ulike inngangar til kroppsleg læring, blant dei gjennom dans og tverrfagleg arbeid på kjøkkenet.
– Kroppsleg læring er noko alle lærarstudentar burde få opplæring i, fortel Lotte Sjølie, masterstudent i byrjaropplæring ved grunnskolelærarutdanninga ved OsloMet.
Førsteamanuensis Tuva Bjørkvold og førsteamanuensis Kristine Høeg Karlsen ved grunnskolelærarutdanninga retter søkjelyset mot kroppsleg læring i byrjaropplæringa, som del av masterutdanninga i byrjaropplæring.
– Målet er at studentane skal utvikla auka forståing for kroppsleg læring innanfor ulike fag, seier Karlsen.
Alle som utdannar seg til lærarar, burde få denne forma for undervisning.– Lotte Sjølie, student
Læring gjennom kropp og kjensler
Kristine Høeg Karlsen samarbeider med Annette Brandanger frå Senter for dansepraksis (SANS). Saman har dei utvikla eit undervisningsdesign der lærarstudentane gjennom å eksperimentere med eige rørslemateriale får døme på korleis dei kan legge til rette for læring gjennom kropp og kjensler.
– Barn har i utgangspunktet eit naturleg forhold til kropp, rørsler og det å vere i aktivitet. Alle som utdannar seg til lærarar, burde få denne forma for undervisning, fortel student Lotte Sjølie.