– Ved å reise på praksisutveksling får ein oppleve barnehagen på ein anna måte enn ein gjer i Norge. I tillegg blir ein kjent med mange nye menneske, også internasjonale studentar. Eg fikk også gode vener frå OsloMet som eg sannsynlegvis aldri hadde møtt om vi ikkje tilfeldigvis valde å reise til same stad. Det var spanande og lærerikt, og eg har fått ei oppleving for livet, seier Grøttum.
Før dei reiste tenkte både Grøttum og Næss at det ikkje var så store forskjellar mellom barnehagar i Danmark og Norge. Dei blei begge overraska over kor stor forskjell det var, spesielt med bemanninga knytt til drift og organisering. Det påverka barnehagekvardagen.
Barna kunne slite med å forstå kva vi sa, og dei syns vi snakka rart– Mari Grøttum
– I Danmark har dei ikkje ein bemanningsnorm på same måte som i Norge, og det er fleire barn per voksen i barnehagane. Det opplevdes som at personalet hadde lite tid til å gjennomføre planlagde aktivitetar og barnehagane kunne til tider opplevast som ganske kaotiske, seier Grøttum.
– Det var også interessant å sjå kor sjølvdrevne og sjølvstendige barna var og at dei brukte kvarandre dersom dei trengte hjelp, supplerer Næss.