Gravide og ammande i Noreg får i seg for lite jod

Frokosttallerken

– Dette kan vera alvorleg sidan nokre studiar har vist samanheng mellom låg jodstatus hos mor i svangerskap og nedsett mental utvikling hos barn, seier førsteamanuensis og klinisk ernæringsfysiolog Sigrun Henjum ved OsloMet.

Ho er prosjektleiar for to studiar som har målt nivå av jod i urin og jod i morsmjølk hos ammande og gravide kvinner. Dei gravide og ammande kvinnene har oppgitt kva dei et, også har forskarane rekna ut kor mykje jod dei har ete gjennom kosten.

Gravide og ammande ekstra utsett

Studiane viser at både gravide og ammande kvinner får i seg for lite jod. Det gjeld både når ein måler jod i morsmjølk og urin, og når ein spør kvinnene om kva dei et.

–  Behovet for jod aukar veldig under graviditet og amming, og difor er desse gruppene ekstra utsett for jodmangel, seier Henjum.

Over åtte av ti gravide har under anbefalt mengd jod i urinen, ifølgje studien. Jod i urin er eit mål på kor mykje jod ein person har ete dei 24 forgåande timane.

Det står heller ikkje bra til blant dei ammande. Her har tre av fire under anbefalte mengd jod i morsmjølka.

–  Me er difor bekymra for at barn som fullammes ikkje får dekt jodbehovet sitt gjennom morsmjølk.

Funna i studien om dei gravide er i tråd med det som har vorte funne i tidlegare studiar i Noreg. Studien blant ammande kvinner er den første som har målt jodstatus i Noreg.

Portrett Sigrun Henjum

Kan påverka barns utvikling

Forskarane undersøkte òg om det var skilnad på jodstatus blant gravide med ulik etnisitet. I nokre land har ein funne lågare jodstatus blant gravide med innvandrarbakgrunn.

– Det var ingen skilnad i jodstatus mellom gravide med norsk bakgrunn og gravide med innvandrarbakgrunn i denne studien. Alle hadde låg jodstatus, seier Henjum.

Nyare forsking indikerer at låg jodstatus hos mor i svangerskapet kan påverka barns utvikling.

Lågt inntak av jod kan henga saman med dårleg språkutvikling, redusert finmotorikk og åtferdsproblem når barnet er tre år, viser fersk forsking som vart publisert av Folkehelseinstituttet i 2017.

Kvit fisk beste naturlege kjelde

Jod finst i få matvarer. Fisk som lever i saltvatn er den einaste naturlege kjelda til jod. Kvit fisk som torsk, hyse, steinbit og sei er ekstra rik på jod og er difor den beste kjelda for å få i seg tilstrekkeleg av sporstoffet.

Du finn òg jod i mjølk og meieriprodukt, fordi kraftfôret er tilsett jod. Pålegg som inneheld ein del jod er til dømes brunost og makrell i tomat. 

– Det er viktig å ha god jodstatus når ein går inn i svangerskapet, men ikkje alle graviditetar blir planlagde. I fleire land, mellom anna USA, blir gravide anbefalte å ta tilskot med jod, seier ernæringsfysiologen.

Dei gravide kvinnene i Oslo-området greidde ikkje å dekkja jodbehovet sitt gjennom kosten og rundt 1/3 oppgav at dei brukte kosttilskot med jod.

Lågt kunnskapsnivå

Studiane viser òg at kunnskapsnivået om jod er lågt blant gravide og ammande, både viktigheita av å få i seg nok jod og kva matvarer som inneheld sporstoffet.

Over halvparten av dei ammande hadde låg eller ingen kunnskap om jod. Blant gravide var tala endå meir alvorlege. Heile 74 prosent visste for lite om jod.

– Det trengst tiltak frå helsestyresmaktenes side for å auka kunnskapen om jod blant ammande og gravide, seier Henjum.
Jodmangel på frammarsj?

Frå 1950-talet har dyreforet i Noreg vorte tilsett jod. Nordmenn drikk mykje mjølk, så ein har trudd at me får i oss nok jod gjennom kosten.

Men dei siste 10 åra har lågt jod-inntak vorte rapporterte i nokre grupper av befolkninga i fleire land i Norden og Europa.

– Inntak av mjølk, yoghurt og kvit fisk har gått ned dei siste tiåra og dette kan forklara kvifor eit lågt jod-inntak har vorte meir vanleg, seier OsloMet-forskaren.

Greier ut å tilsetja jod i salt

Norske helsestyresmakter greier no ut moglegheita for å tilsetja jod i salt, som er i tråd med WHOs tilrådingar.

– Dette er den mest vanlege måten på verdsbasis for å sikra at befolkingen får i seg tilstrekkeleg jod, seier ho.

Eit anna mogleg tiltak er at helsestyresmaktene gir gravide og ammande meir informasjon om jod.

– Studien vår viste at kunnskapsnivået om jod-anbefalingene og kjelder til jod var låge både blant gravide og ammande kvinner, avsluttar Henjum.

Fakta om studiane

Forskarane i studiane har målt nivå av jod i morsmjølk og urin hos 175 ammande kvinner og 804 gravide kvinner frå Oslo-området.

I tillegg har gravide og ammande registrert kor mykje jod dei har ete gjennom kosten dei siste 24 timar og kor mykje jod dei et vanlegvis.

Forskarane har òg undersøkt kunnskapen til kvinnene om jod.

Referanse

Nutrients, 2018: Suboptimal iodine status among pregnant women in the Oslo area, Norway (mdpi.com). Sigrun Henjum, Inger Aakre, Anne Marie Lilleengen, Lisa Gardweiner-Holme, Sandra Borthne, Zada Paljaic, Ellen Blix, Elin Lovise Folven Gjengedal og Anne Lise Brantsæter.

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på Hioa.no/vitenogpraksis 14.03.2018.

Kontakt

Laster inn ...
Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 11.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Erik Stewart

Relatert forsking

Ung mann bak skrivebord med bærbar PC, i et rom med store vinduer
Ønsker å gjøre teori og analyse mer tilgjengelig

Forskere bak ny bok om teori og analyse håper de kan hjelpe studenter.

Barn som holder en kvinne i hånda
To av tre kommuner mener de kan fortsette å bosette et høyt antall flyktninger

Mange kommuner mener de fortsatt har stor kapasitet for å ta imot flyktninger.

Illustrasjonsbilde
Så mye koster barna deg

Det koster fort over 20 000 kroner i måneden å drifte en familie på to voksne og to barn.

Jente som støtter hodet på et bord med bøker foran seg og ser drømmende til siden.
Store karakterforskjeller mellom elever med ulik innvandrerbakgrunn

Forskere ved OsloMet har funnet store forskjeller både i karakterer og hvor mye lekser ungdom gjør.

Ungdom som tar selfie
Jo fleire selfies, desto meir kjøper du

Gjennom selfies påverkar ungdom kvarandre til å kjøpa endå meir.

Lærer som korrigerer notatene til en elev
Hvorfor er det viktig at lærere og andre profesjoner skal kunne ytre seg fritt?

Hva skjer med styringen av profesjonene og i hvilken grad tør man å uttale seg overfor makten i dagens norske arbeidsliv?