Har du vedomn eller stormkjøkken som verkar? Veit du kvar du finn fyrstikker, lommelykt og batteri dersom straumen går og det blir mørkt i huset? Hugsar du telefonnummeret til dine næraste dersom internett er nede og mobilen er tom for straum? Altfor mange av oss må svara nei på desse spørsmåla.
– Me er utan rutinar for det. Særleg i byane. Straumbrot skjer sjeldan og me reknar med at styresmaktene ordnar opp, seier Ardis Storm-Mathisen, som er forskar ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO, OsloMet og prosjektleiar for Homerisk-studien.
No har Homerisk-prosjektet munna ut i ei utstilling på Teknisk museum i Oslo.
Erfaringar frå dei som har erfart brot
I prosjektet har forskarane samla erfaringar frå hushald som har opplevd lengre bortfall av elektrisk straum og IKT. I Noreg snakka dei med folk som opplevde brannen i Lærdal i 2014 eller stormen Dagmar på Nord-Vestlandet i 2011.
Blant utfordringane folk opplevde var at mørket og kulda gjorde livet vanskeleg, mat vart øydelagd fordi kjøleskap og frysar slutta å verka, TV, mobil, elektriske lås og betalingsterminalar slutta å verka og bilane gjekk tom for bensin. I tillegg opplevde mange uvisse fordi det var vanskeleg å få og gi informasjon og koordinera aktivitetar.
– Når me bruker ting som forenklar kvardagen vår, som straum og mobiltelefon, gløymer me korleis me greidde oss utan, som å ha notatbok med kodar og telefonnummer, kontantar i lommeboka og rutinar for kontakt, seier Storm-Mathisen.
By og land
Ei spørjeundersøking i Homerisk-prosjektet viser at ni av ti nordmenn ikkje trur det er sannsynleg at dei vil bli ramma av eit langvarig straum- og IKT-brot dei næraste 5-10 åra. Heile fire av ti trur dei blir alvorleg ramma dersom det skulle skje.
Særleg alvorleg er det viss dei største byane blir ramma av straum- og IKT-brot, til dømes som følgje av terror eller naturkatastrofar. Bybuarane oppgir at katastrofar vil ramma dei hardt.
Erfaringar frå Lærdal og Nord-Vestlandet viser at lokalsamfunna har mykje «taus» eller uformell kunnskap som er viktige i ein krisesituasjon. Det kan til dømes vera kunnskap om lokalt terreng eller der mobilsendarar er plassert i nærmiljøet, eller kvar dei skal gå for å få informasjon.
Forventningane til styresmaktene
I Sverige fekk alle husstandar nyleg ein beredskapsbrosjyre i posten, som fortel korleis dei skal førebu seg på eventuelle kriser. Svenske styresmakter har tydelege forventningar til befolkninga i krisesituasjonar. På Island forventar styresmaktene at kvart hushald har ein beredskapsplan.
I Noreg satsar styresmaktene på nettbasert informasjon, og har beskjedne forventningar til innbyggjarane. Dei forventar at du skal klara deg i tre dagar utan straum og få informasjon digitalt.
– Beredskapsråda frå styresmaktene synest i stor grad å ta for gitt befolkninga har tilgang på mobilnett og i det minste DAB-radio under kriser, seier Storm-Mathisen.
Ressursar i heimen
Felles for alle tre landa er at hushald blir gitt ei lita rolle i beredskapsplanane til styresmaktene. Homerisk-studien viser at her ligg store, uutnytta ressursar.
– Folk veit lite om planane til styresmaktene, men mange har og kan mykje, problemet er at det manglar rutinar for å henta desse ressursane fram ved behov. Mange etablerer rutinar etter å ha erfart straumbrot, men spørsmålet er om ikkje både hushald og styresmakter òg har noko å læra av «prepparane», seier Storm-Mathisen.
Dei fleste nordmenn har nemleg både kunnskap og sosiale og materielle ressursar til å klara seg bra i ei krise. Dei fleste har varme klede, stearinlys, verktøy, internett, lommelykt, fyrstikker og smarttelefon i bustaden. Mange har òg ekstra brensel, enkel mobil, tørrmat og hermetikk, kontantar, ikkje-elektriske lyskjelder, radio, førstehjelpsutstyr og reservebatteri. Camping- og friluftsliv er viktig for mange nordmenn, og utstyr og kunnskap herfrå kjem godt med i ein krisesituasjon.
Storm-Mathisen meiner at prosjektet viser at beredskapsstyresmaktene kan engasjera hushald og lokalsamfunn meir i beredskapsplanlegging, mellom anna gjennom digitale verktøy, men at det òg er behov for å etablera lokale rutinar for korleis kommunikasjon til befolkninga skal skje dersom den digitale infrastrukturen ikkje fungerer.
Referanse
Ardis Storm-Mathisen: Beredskap for IKT og elektrisitetsbrudd i nordiske hushold. SIFO prosjektnotat nr. 10-2016