Samarbeid mellom kommunar om startlån kan hjelpe fleire å bruke ordninga ved å auke kunnskapen og dele erfaringar. Men ein stram bustadmarknad i mange distriktskommunar gjer det vanskelegare å auke bruken av låneordninga.
Det har forskarar frå ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR OsloMet og Universitetet i Oslo funne ut.
– Så lenge det kostar meir å bygge ein ny bustad enn det han er verd på marknaden, blir det bygd få nye bustader, seier Arne Holm, forskar ved NIBR.
Dermed blir der vanskeleg å få innpass på bustadmarknaden i enkelte distriktskommunar.
Startlån frå kommunen:
- Startlån skal hjelpe personar som har langvarige problem med å få bustadlån i vanlege bankar.
- Målgruppa er mellom anna barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne og førstegangsetablerarar.
- Det er kommunen som behandlar søknaden og som avgjer om du kan få lån.
- Startlånet er delt i to ulike lån:
- Ordinært startlån er for dei som har behov for ein stabil og trygg bustad, men som ikkje får bustadlån i privat bank. Dei kan heller ikkje spare opp eigenkapital.
- Startlån til førstegangsetablerarar er for dei som skal kjøpe bustad for første gong, som har litt eigenkapital og som ikkje er i målgruppa for det ordinære startlånet. Dette lånet er under utprøving, og det er berre mogleg å søkje om dette i utvalde kommunar.
Må tenke større
Det skremmer bort folk som kanskje kunne fått startlån til å bygge ny bustad i små kommunar. I staden blir det kamp om dei bustadene som allereie eksisterer.
Og dei blir ikkje ledige så fort.
– Når dei blir ledige, blir kanskje huset brukt som feriebustad i staden. Dette aukar ikkje akkurat moglegheitene for å busette seg i mindre distriktskommunar, seier Holm.
Det betyr at Husbankens viktigaste hjelpemiddel for å hjelpe førstegongskjøparar med låge inntekter ikkje er nok til å auke befolkningsveksten i distrikta.
Her må ein tenke større seier Holm. Han foreslår at kommunar for eksempel kan samarbeide om utbyggingsprosjekt som kan bidra til å senke prisane per eining for bustadene.
Bjarte Tvedt Villanger er økonomisjef i Økonomiavdeling og bustadkontor i Fedje kommune.
Han meiner at den største utfordringa i Fedje kommune når det kjem til folkeauke er arbeidsplassar.
– Ja, det er dyrare å byggje nytt, men det største problemet er at om du ikkje trivest i jobben din må du sannsynlegvis flytte for å skifte jobb. Då vil du aldri få igjen den verdien som du har investert i ein ny bustad, seier Villanger.
Villanger seier at dei fleste som ynskjer å bu på Fedje startar med å leige bustad, så kjøper dei eventuelt eit eldre hus som kjem til sal etter kvart.
Få søknader
Distriktskommunane samarbeider ofte allereie om tenester som avfallshandtering og vassforsyning. Dei kan også samarbeide om startlånssøknader.
Men kommunar er ulike både når det gjeld størrelse, bustadmarknad, og tal på søknader.
– Dei minste kommunane får få søknader kvart år. Dei vil heller snakke uformelt rundt erfaringar og råd, enn å ha eit formelt samarbeid mellom kommunar, seier Holm.
Mindre kommunar er usikre på å samarbeide med andre kommunar fordi dei fryktar at det vil bli dyrare enn å behandle søknadene sjølv.
– Det varierer veldig i kor mange og arbeidskrevjande søknadar som kjem inn. Då er det vanskeleg å forplikte seg til eit samarbeid der me mest sannsynleg må betale ein fast kontingent uansett, seier Villanger.
Når bustadene blir ledige, blir kanskje huset brukt som feriebustad i staden. Dette aukar ikkje akkurat moglegheitene for å busette seg i mindre distriktskommunar.– Arne Holm
Treng fleire folk til distrikta
Holm har saman med kollegaer intervjua tilsette i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.
Forskarane har sett på om det er mogleg for kommunar å samarbeide om startlånssøknader, og korleis dette kan gjerast juridisk.
– Juridisk sett er det fullt mogleg for kommunar å samarbeide om å behandle søknader om startlån. Dette kan gjerast gjennom vertskommunemodellen eller eit interkommunalt selskap, forklarer Holm.
Vertskommunemodellen betyr at ein kommune gir myndigheit til ein annan kommune for å behandle saker og gjere vedtak. Den kommunen som får myndigheita, blir kalla vertskommune. Dette gjer det mogleg for kommunar å samarbeide om oppgåver, som for eksempel behandling av startlånssøknader.
Dei minste kommunane får få søknader kvart år. Dei vil heller snakke uformelt rundt erfaringar og råd, enn å ha eit formelt samarbeid mellom kommunar.– Arne Holm
Eit interkommunalt selskap er eigd og blir drive av fleire kommunar saman. Kommunane samarbeider om å utføre oppgåver som dei har felles interesse i. Ved å jobbe saman i eit interkommunalt selskap, kan kommunane dele ressursar og kompetanse for å løyse oppgåvene meir effektivt.
– Vi må sannsynlegvis sjå fleire som ønsker å bu i distriktskommunar og ein auke i bustadbygging, før kommunane vil synast det er meir effektivt å samarbeide om startlån enn å behandle søknadene sjølv, seier Holm.
Villanger trur ikkje det vil auke med bustadbygging på Fedje enda.
– Eit godt insentiv vil vera å stimulera til kjøp av eldre bustadar, og pusse dei opp, seier han.
Det kan også vere potensial for auka bruk av ordninga og tettare samarbeid når det gjeld lån til å tilpasse eldre bustader til det endra behovet til bebuarane.
Kan vere relevant for eldre
Men for å få til befolkningsvekst i små kommunar, treng kommunane å trekke til seg folk som ser fordelar ved å flytte dit.
– For å nå unge førstegongsetablerarar for eksempel, kunne fleire kommunar vurdere å legge til rette betre for låginntektshushald, seier Holm.
Villanger fortel at Fedje kommune gir tilbake halvparten av kjøpesummen på byggjeklare kommunale tomter for unge etablerarar og familiar med born i alderen 0 – 16 år.
– Me tilbyr også gratis barnehage og 25 000 kroner i tilskot til kvar nyfødd.
På kort sikt vil startlånsordninga i distrikta truleg vere mest nyttig for eldre som vil tilpasse bustaden sin til alderdommen.
Dette kan bidra til at fleire eldre får høve til å bli buande lenger i heimane sine.
Ja, det er dyrare å byggje nytt, men det største problemet er at om du ikkje trivest i jobben din må du sannsynlegvis flytte for å skifte jobb. Då vil du aldri få igjen den verdien som du har investert i ein ny bustad.– Bjarte Tvedt Villanger
– Det kan også gi ei moglegheit for å auke bruken og relevansen av startlånsordninga i mindre kommunar, seier Holm.
Villanger seier at på Fedje er det mange eldre som bur i store, gamle hus, og at det vil nok kome eit stort behov for å tilpasse bustaden etter kvart.
– Felles for dei fleste er at dei har relativt store formuar som gjer dei uaktuelle for tilpassingstilskot, avsluttar han.
Men for eldre som ikkje har økonomi til sjølv å tilpasse bustaden sin til endra funksjonsnivå, kan startlånsordninga vere ei moglegheit, seier Holm.
– Dette i seg sjølv løyser ikkje behovet for fleire bustader norske distriktskommunar. Da må det også byggast fleire bustader, avsluttar Holm.