Førestillingar om «familie» står sentralt i offentleg og politisk diskurs, og i velferdspolitikk og praksis, i Noreg og internasjonalt. Mykje av forskinga på tvers av fagområde ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA inneber å tenkje på «familie», på tvers av ulike tema, inkludert velferdstenester, straffesystemet, livsløps- og generasjonsstudiar, bustad, migrasjon, barndom og ungdomstid.
Forskingsnettverket samlar perspektiv og kunnskap frå denne forskinga på tvers av seksjonar og fagdisiplinar ved NOVA.
Målet med forskingsnettverket er å skape ein arena for kritisk og kreativ refleksjon rundt familierelaterte tema ved å «tenkje saman» på tvers av fagdisiplinar og seksjonar. I 2024 vil vi mellom anna arbeide med tekstar til ei komande bok om etiske og metodologiske utfordringar knytt til det å forske på familieliv i konteksten av ein (u)bekymra velferdsstat.
Nettverket er ope for alle forskarar ved NOVA. Vi møtest ein gong i månaden og byter på å presentere og foreslår felles litteratur. Vi deler og diskuterer utvikling av forsking i alle ledd – frå nye idear til diskusjon om pågåande arbeid – og utforskar moglegheiter for nye samarbeid og kollektive prosjekt om familierelaterte tema.
Nettverket blir koordinert av Janet Boddy, professor ved Child, Youth and Family Studies på Universitetet i Sussex og forsker II ved NOVA (sussex.ac.uk).
Medlemmar
- Janet Boddy (sussex.ac.uk)
- Julia Sauter
Utvalde prosjekt
- Etterkommerne og den bekymrede velferdsstaten
- Voldsprogrammet – Forskningsprogram om vold i nære relasjoner
- Barn med fluktbakgrunn – tiltak for inkludering og tilhørighet (Barnfluk)
- Ungdom i Distrikts-Norden: en nordisk kvalitativ longitudinell undersøkelse av bygdeungdoms tilhørighet og framtidshorisonter
- Evaluering av barne- og familieetatens arenafleksible team (AFT)
- Familievernet: Likeverdig tjenestetilbud til en mangfoldig befolkning?